Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Vurderer nynorsk Høgre-boikott

 (09.02.2001)

Pressemelding 9.2.01. - Vi vil vurdera å be folk la vera å røysta Høgre under stortingsvalet til hausten dersom partiet ikkje seier ja til sidemål på landsmøtet i mai, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel. Han varslar at alle partia må venta seg ei meir pågåande målrørsle i år enn ved dei siste vala.

Programkomiteen i Høgre med leiar Jan Petersen og nestleiar Oddvar Nilsen i spissen kom denne veka med framlegg til nytt partiprogram der det står at Høgre vil gjera sidemålsundervisninga valfri i den vidaregåande skulen. Noregs Mållag oppmodar no nynorskfolk og nynorskvener i Høgre om å engasjera seg i programordskiftet framover og ta opp saka i samband med fylkesårsmøta som byrjar til helga.

- Høgre har hatt nei til sidemål på programmet denne stortingsperioden og vist at det er ei sak partiet er viljug til å kjempa for. Det kan ikkje målrørsla sitja stille og sjå på, seier Hoel.

Noregs Mållag har tru på at oppmodinga når fram.

- Sidemålsspørsmålet er ei vanskeleg sak for Høgre og var feid under teppet i det fyrste programutkastet. Mange kulturmedvitne Høgre-folk likar svært dårleg at språkpopulistane og nynorskmotstandarane i ungdomspartiet har fått fleirtalet med seg, seier Hoel.

- Vi trur òg at ein halv million nynorskveljarar gjer inntrykk på partia. Fleire stader står Høgre-mandat i fare. Til dømes var det berre med eit naudskrik at Høgre kom inn på Stortinget i Sogn og Fjordane i 1997, og dei vil få store problem med å berga mandatet om partiet seier nei til sidemål, trur Hoel.

På Stortinget gjorde Høgre og Framstegspartiet i 1999 framlegg om å avskaffa sidemålsundervisninga, og Høgre-byrådet i hovudstaden gjorde det i haust til ei viktig kampsak å få eit lokalt sidemålsfritak for Oslo. Også i fleire andre fylke har Høgre gått hardt ut mot sidemålet og nynorsken dei siste åra.

For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, tlf. 57 68 66 18

Sjå og <a href="http://www.nettavisen.no/servlets/page?section=2&item=142487">Nettavisen</a> og <a href="http://www3.nrk.no/distrikt/sogn_og_fjordane/nyhende/803203.html">NRK</a>.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no