Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag helsar samefolket på nasjonaldagen

 (06.02.2001)

Noregs Mållag ønskjer Sametinget og det samiske folket hjarteleg til lukke med nasjonaldagen 6. februar.

Noregs Mållag forsvarer prinsipielt retten til å bruka sitt eige språk, hevda sin eigen kultur og å skapa si eiga framtid. Vi er difor svært glade for den auka forståinga og framgangen samefolket har oppnådd for samisk språk, kultur og sjølvhevding.

Noregs Mållag tykkjer det er leitt at samisk språk og kultur framleis vert motarbeidd av delar av norske samfunnet, og vi kjenner att mykje av motstanden frå vår eigen kamp for det nynorske skriftmålet gjennom 150 år.

For Noregs Mållag er det sjølvsagt at norskspråklege born i dei samiske områda skal ha opplæring i samisk. Det er gledeleg at talet på elevar som lærer samisk har auka dei siste åra, og vi tykkjer difor det er ekstra leitt at det er dei få som har sett seg imot samiskopplæringa som får lov til å dominera i norske media på nasjonaldagen.

Til lukke med dagen, og lukke til i det vidare arbeidet!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no