Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til kulturbarnehagar!

 (12.01.2001)

Pressemelding 12.1.01. - Ei opprusting og vitalisering av kulturarbeidet kan gjera barnehagen til ein endå meir spennande plass å vera, både for barn og vaksne, seier Ingeborg Mjør, styremedlem i Noregs Mållag. Måndag 22. januar skipar Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) ein dagskonferanse om kulturarbeid i barnehagar i Bergen.

- Moderne barnekultur er fargerik og full av kontrastar, han er både lokal, nasjonal og internasjonal. Ungar i dag lever i ei kulturell døgnfluge-tid; ei stund er Sabeltann viktig, så er Pokémon viktig, og så får vi ein intens og kortvarig kjøpefest i tilknyting til ein ny Disney-film, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK. Ungar i dag blir tidleg kompetente konsumentar. Men dei same ungane kryp stadig opp i fanget på dei vaksne og ber dei å fortelja om gamle dagar.

Noregs Mållag og LNK gjev i dag ut ei kulturavisa Pirion for barnehagar. I dette arbeidet har det kome fram eit ønskje om å samle alle aktørane som arbeider med kulturarbeid i barnehagar. Kursleiarar vert redaktør i Pirion og styremedlem i Noregs Mållag Ingeborg Mjør, fylkeskvedar i Hordaland Reidun Horvei og forfattar Erna Osland.

For fleire kommentarar:
Ingeborg Mjør, redaktør i Pirion og styremedlem i Noregs Mållag, 51 83 15 26 eller 51 91 96 41 (h)
Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, 22 33 14 00

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no