Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag vil ha nynorsk leksikon

 (10.01.2001)

Pressemelding 10.1.01.
- Jamstilling mellom nynorsk og bokmål må vera eit absolutt vilkår dersom det skal brukast offentlege middel på å berga Store Norske Leksikon, kravde Noregs Mållag tysdag i eit brev til Kulturdepartementet. Departementet vurderer for tida å støtta Kunnskapsforlaget si utgjeving av verket med opptil 25 millionar kroner.
Noregs Mållag har i brevet til departementet lagt vekt på at behovet for eit nynorsk oppslagsverk blir større og større. Det gjeld særleg i skuleverket der elevar på alle nivå møter strengare krav til at dei sjølve oppsøkjer informasjon i oppslagsverk og på nettet.

- Nynorskelevar har møtt eit nytt hinder gjennom denne omlegginga av undervisninga, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund L. Hoel, som ikkje er imponert over Kunnskapsforlagets innsats for å ta vare på den norske språkarven: - Forlaget har lagt ned forbod mot nynorsk i verket og tvingar nynorskbrukande medarbeidarar til å skriva bokmål og er dermed ikkje eit oppslagsverk for heile landet. Dette kan dei umogleg få statsstøtte for å halda fram med, seier Hoel.

Noregs Mållag reknar ei 50-50-fordeling mellom bokmål og nynorsk som naturleg i eit statsstøtta leksikon sidan det er snakk om to jamstilte skriftspråk.

For fleire kommentarar:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag: 57 68 66 18 eller 970 21 194.


***********************

Heile brevet frå Noregs Mållag til Kulturdepartementet 9. januar 2001:


NYNORSK I STORE NORSKE LEKSIKON

Noregs Mållag vil be Kulturdepartementet setja jamstelling mellom nynorsk og bokmål som vilkår dersom det skal koma på tale med økonomisk støtte til Kunnskapsforlagets leksikonutgjeving.

Noregs Mållag får stadig etterlysingar etter eit oppdatert oppslagsverk på nynorsk, helst på Internett. Saknet av eit nynorsk leksikon er særleg stort i skuleverket der det vert stilt større og større krav til at elevane skal leita seg fram til informasjon sjølve, og der grensene mellom tradisjonelle læremiddel og allmenne oppslagsverk vert brotne ned av skulereformer og teknologiske endringar. Korkje for elevar, lærarar eller andre kunnskapstyrste nynorskfolk, er tibandsverket Norsk Allkunnebok (1948-64) særleg mykje å stø seg til lenger.

Store Norske Leksikon har hatt ei gjennomført eittspråkleg redaksjonell line der nynorskbrukande medarbeidarar har vorte omsette eller bedne om å skriva bokmål. Språkleg har Aschehoug og Gyldendals leksikon såleis aldri vore eit oppslagsverk for heile landet.

I notatet ”Et offentlig engasjement for bevaring av Norges nasjonalleksikon – Bakgrunnsinformasjon” argumenterer Kunnskapsforlaget for ”et betydelig engasjement fra det offentlige” for å sikra framtida til verket. Dette er seinare konkretisert til kr 25 mill for at alle skular og bibliotek i landet skal få tilgang til verket (Aftenposten 5.1.2001). Frå å vera eit privatfinansiert leksikon skal verket såleis gå over til å bli ein nasjonal kunnskapsbase delfinansiert av det offentlege.

Dersom staten skal ta ansvaret for finansieringa av verket på denne måten, bør det vera sjølvsagt vilkår at framtidige bokutgåver og digitale utgåver av verket blir språkkløyvde. Dette vil vera heilt i tråd med norsk språk- og kulturpolitikk slik han er konkretisert i lov om offentleg målbruk, språkkrav til NRK og andre etermedia, ei rad litterære støtteordningar og ikkje minst i opplæringslova. Det siste må vega særleg tungt sidan eit av dei viktigaste føremåla med eit statleg engasjement skal vera å sikra elevar tilgjenge til kunnskapsbasen.

Vi reknar ei 50-50-fordeling mellom nynorsk og bokmål som naturleg ut frå at det er tale om to jamstelte skriftmål.

I eNorge-planen til regjeringa vert det peika på kor viktig det er å sikra norsk språk mot presset frå engelsk, og at ”det kreves en samordnet innsats for å sikre de norske språkene”. Regjeringa har teke eit prisverdig initiativ til å følgja opp dette gjennom å setja i gang arbeidet med ein handlingsplan for språk og IKT. Stortinget har òg ved ei rad høve presisert kor viktig det er at både bokmål og nynorsk blir sikra ei framtid i IT-samfunnet.

Vi kjenner oss såleis sikre på at det er kulturpolitisk heilt uaktuelt for regjeringa å finansiera utgjevinga av Kunnskapsforlagets oppslagsverk utan å stilla klare språklege vilkår til utgjevinga. Det einaste alternativet vi ser føre oss, er at staten samstundes seier seg viljug til å finansiera eit eige nynorsk leksikon.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no