Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag opnar Det europeiske språkåret i Bergen

 (10.01.2001)

Pressemelding 10.1.01. Europarådet og EU har peikt ut 2001 som Det europeiske språkåret for å fremje språkleg mangfald og motivere europeiske borgarar til å lære seg fleire språk, også språk som er mindre brukte. Noregs Mållag opnar Det europeiske språkåret 2001 med eit internasjonalt seminar i Bergen 20.-21. januar.

Tittelen på seminaret er; Noreg i verda - med sidemål som norsk eksportartikkel.
- Skal det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa halde fram, må vi gjere noko aktivt får
for å halde på det, og for å løfte det fram, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Noreg utmerker seg med dialektrikdommen, den obligatoriske opplæringa i nynorsk og bokmål og den sterke satsinga på nordsamisk.
- Dette er område vi har ansvaret for å halde oppe og utvikle - dette er dei viktigaste norske bidraga til det europeiske språkmangfaldet, påpeikar Oddmund Hoel.

Noregs Mållag inviterer til diskusjon om korleis ein kan forstå norsk målstrid i eit internasjonalt perspektiv, og korleis vi kan bruke røynslene våre til å forstå andre. Mellom innleiarane finn ein Tove Skutnabb-Kangas som skal sjå nynorsk i eit europeisk minoritetsspråksperspektiv, Durk Gorter som innleier om frisisk målstrid, Arild Linneberg om Garborg som europear, og Sigve Gramstad som innleier om den europeiske konvensjonen om mindre brukte språk.

Seminaret blir opna av direktør Jostein Osnes ved Læringssenteret, som har fått ansvaret for organiseringa av Det europeiske språkåret i Noreg.

For fleire kommetarar:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag: 57 68 66 18 eller 970 21 194.
Trond Trosterud, Internasjonalt utval i Noregs Mållag: 77 64 47 63 eller 77 67 36 39 (h).






Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no