Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skrivetevlinga 2000 - tusen år og ei verd

 (15.12.2000)

Buskerud Mållag og Busk-Mål AS markerer årtusenskiftet med skrivetevling. Mållaget har sett overskrifta "Tusen år og ei verd" på tevlinga.

Mållaget inviterer med dette ”penneføre” til å tenkje på det mellommenneskelege i det internasjonale og globale. Men ut over dette hintet om tema så står skribentane ganske fritt. Det gjeld også når det gjeld sjanger. Det viktige er å skrive.

Mållaget avgrensar tevlinga geografisk til Buskerud, men er romslege i å godta til dømes personar som nyleg er utflytta, eller som har røter som gjer at dei kjenner seg tiltrekte til å delta i ei tevling som blir lyst ut for Buskerud.

Som språkform er det naturleg å sette nokre grenser. Dialekt, for den som greier å handtere den i skrift, men elles så er kravet bruk av nynorsk. Mållaget har da også dette som ei målsetting; å auke bruken av nynorsk.

5000 ord er grensa på manuset. Og Buskerud Mållaget vil gjerne ha manuset på diskett, med tanke på seinare publisering. Frist for å delta er 1.februar.

Premiar er slikt som møte med forfattar og forlagsbesøk i Det norske Samlaget, teatertur på Det Norske Teatret, tur til Den norske Bokbyen i Fjærland
og til Aasentunet i Ørsta – og ei bok til alle deltakarane.

Arrangørar:
Buskerud Mållag og Busk-Mål AS i samarbeid med www.magsinett.no.

Informasjon:Meir informasjon, ny, oppdatert informasjon om skrivetevlinga finn du på <a href="www.magasinett.no">www.magasinett</a>.

Postadresse:Postboks 119, 3551 Gol

Spørsmål om skrivetevlinga kan du rette til Odd Oleivsgard, helst på kveldstid, for Odd er bonde i Leveld i Ål, på telefon 32 08 41 22 eller 99 29 65 26
eller k.snerte@samlaget.no, margunn@magasinett.no eller tor.bergum@organizer.net









Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no