Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget rosar Arbeidarpartiet

 (11.12.2000)

- Arbeidarpartiet er framleis eit parti for nynorsk og nynorskfolk, seier leiar Oddmund Hoel i Noregs Mållag.

Mållaget var i tvil om dette etter at bystyregruppa til Arbeidarpartiet i Oslo gjekk imot obligatorisk opplæring i nynorsk i september.

- Det nye partiprogrammet inneheld den avklaringa av språkpolitikken til Arbeidarpartiet som me etterlyste tidlegare i haust, seier Hoel, som tykkjer det er gledeleg at formuleringane på dette feltet er styrkte jamført med det førre programmet. I det nye programmet blir det slege utvetydig fast at "obligatorisk sidemålsopplæring i skolen må beholdes".

- Etter dette er det umogleg for utdanningsministeren å gje løyve til forsøk med valfri sidemålsundervisning eller karakter- eller eksamensfritak i sidemål, seier Hoel, som rosar den måten mange sentrale politikarar i Ap kontant avviste sidemålsutspelet i Oslo.

Mållaget er òg nøgd med det Arbeidarpartiet har gjort i Stortinget, der partiet har stått saman med sentrumspartia og SV i dei fleste målpolitiske saker.

- Allmenn røysterett i skulemålssaker, krav til regjeringa om høgare tempo i arbeidet med nynorske dataprogram og løyving til ein ny nynorsk barnebokklubb er viktige saker der desse partia har stått saman og vist vilje til å gjera noko med undertrykkinga av nynorsken, seier Hoel.

I programmet skriv Arbeidarpartiet òg: "Nynorsk må fortsatt være et likeverdig skriftspråk i Norge og nynorsk som administrasjonsmål må styrkes, slik at målet om minst 25 % bruk sikres."
- Ei klart sterkare formulering enn i førre program, seier Hoel som peikar på tre særleg viktige felt der programmet må følgjast opp dersom det skal ha nokon praktisk verdi.
- For det fyrste må Ap-regjeringa no innføra klare språklege innkjøpskrav til data som stimulerer produksjonen av nynorske dataprogram, eit felt der regjeringa har vore altfor passiv til no.

- For det andre må regjeringa til våren be Stortinget utvida verkeområdet for mållova slik at ho fangar opp verksemder som Telenor som har falle utanfor lova etter fristillinga og delprivatiseringa av offentleg sektor dei siste åra. Eit utval under Kulturdepartementet har nyleg greidd ut spørsmålet.

- Og for det tredje må regjeringa generelt høgare opp på banen og gjera språkpolitikken til ein meir sentral del av kulturpolitikken. Det trengst ein langt meir aktiv politikk for å ta vare på det norske språkmangfaldet og norsk språk i det heile, seier Hoel.

For meir informasjon kontakt:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18 eller 970 21 194
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 22 47 71 00


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no