Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mette-Marit og oss

 (28.11.2000)

Mikkel Lid i Hjelmeland Mållag, Tora-Liv Thorsen i Forsand Mållag og Tor Magne Egeland i Strand Mållag kommenterer det kongelege språket.

Må det vera lov til å melda seg på debatten om Mette-Marit? Denne oppmodinga er kanskje litt optimistisk. For sant å seia veit me lite om kjærleiken mellom Mette-Marit og kronprinsen og kan sjølvsagt ikkje konkurrera med fagfolket i ”Se og hør.” Me tør heller ikkje meina noko om denne kjærleiken trugar monarkiet og vårt kongehus. Slike vanskelege problemstillingar får professorar i statsvitenskap ta seg av. Og kjem spørsmåla inn på moral, vik me unna så langt råd er. Kyrkja må avgjera om monarkisk sambuarskap ligg utafor eller innafor bibelsk lære. Men debatten om Mette-Marit har ei språkside og då må sjølv me i mållaga få lov til å vera med. Vårt innspel i debatten byggjar på følgjande observasjonar:

Mette-Marit har vist seg fram på Dagsrevyen to gonger. Første gongen sitjande på benken saman med kronprinsen, tydeleg sjenert av alt oppstusset. Andre gongen sleppte ho seg til med to-tre setningar inn i mikrofonen. Utan forvarsel laga ho ein stille revolusjon av den kongelege språkdrakt. Tenk ikkje det: Ei prinsesse, ven og vakker som nokon anna og på toppen av alt velsigna med ein mjuk og blid sørlandsdialekt!

Språk er makt, veit me. Orda kan du ta å venda i ein spegel: Makta treng eit språk. Og språket til makta får høg status. Det veit me. Tenk på kva dei gjorde dei norske embetsmenn under dansketida.

Kva er teiknet på ein ekta siddis eller ein ekta bergensar? Sjølvsagt at han eller ho talar stavangerdialekten eller bergensdialekten. Dialekten fortel folk kor du kjem frå og langt på veg kven du er.

Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land. Trass i ei språkleg undertrykking frå fleire hald, har folk hevda retten til å bruka sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er vanlegaste uttrykksmåten for folk flest. Dialektane har sin eigen verdi. Ingen kan i fullt alvor hevda at den eine dialekten er betre eller finare andre. Dialektane er utsette for eit sterkt press, særleg for talt og skrive bokmål. Me ser det som vår oppgåve å forsvare dialektane mot dette presset.

Slottet ligg i Oslo. Dei kongelege talar austlandsdialekt. Slik har det vore i nærare hundre år, ser me bort frå kong Haakon som tala dansk. Det er også slik at den øvste statsmakta med statsministeren i spissen med få unntak talar austlandsdialekt: Gerhardsen, Bratteli, Brundtland, Jagland og Stoltenberg. Me ute i distrikta tar dette for gitt, kjem knapt på noko anna, men ut frå tanken om eit språkleg mangfald og til demokratiets beste, ville det vore særs gildt å få ein sørlandsdialekt inn i den kongelege familien.

Mette-Marit Tjessem Høiby frå Kristiansand står føre eit vanskeleg val. Me ønskjer henne lukka til med valet og håper ho tar dialekten med seg, same kva som skjer.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no