Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Endeleg vert det nynorsk barnebokklubb

 (20.11.2000)

- Dette har vi venta på lenge, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Etter budsjettforliket mellom Arbeiderpartiet og sentrumspartia er det no klart at det vert løyva pengar både til Kulturbåten Innvik og til nynorsk bokklubb for barn.

I dag er det 16 barnebokklubbar i Noreg, og berre ein av desse tilbyr nokre få nynorske barnebøker.
- Det er svært viktig for barn over heile landet å få tilgang til god nynorsk barnelitteratur. Går dette statsbudsjettforliket i gjennom er det ein viktig siger for nynorsk barnekultur, slår Astrid Sverresdotter Dypvik fast.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom er og glade for at det vert løyva pengar til Kulturbåten Innvik.
- Å ta vekk løyvingane til Kulturbåten Innvik vil vera eit ledd i ein sentraliseringspolitikk som gjer Noreg kulturelt fattigare, uttalte landsmøte i Noregs Mållag tidlegare i år.
- Det er viktig i forhold til kulturtilbodet på Vestlandet at kulturbåten Innvik framleis kan ha førestillingar, seier Oddmund Hoel.

For meir informasjon:
Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, 970 21 194 eller 57 68 66 18
Leiar i Norsk Målungdom, Astrid Sverresdotter Dypvik, 928 48 360 eller 22 42 63 00

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no