Målblome til Gaute Hvoslef Kvalnes
(27.10.2000)
Førre veke vart programvarepakken KDE 2 lansert. Det er eit fullverdig alternativ til kontorprogramvaren til Microsoft, og er utvikla for operativsystemet Linux. I motsetnad til Office-pakken frå Microsoft kjem denne pakken med nynorskutgåve. Gaute Hvoslef Kvalnes har nytta fritida i eit heilt år til å omsetja denne programpakken til nynorsk.
Om ikkje nynorsk blir eit fullverdig IT-språk i løpet av nokre år, vil språket vårt bli sett på sidelina i løpet av ein generasjon. Det skjermmiljøet som møter oss er på bokmål, dersom det ikkje er på engelsk, programvareprodusentane har ikkje synt interesse for nynorsk, og styresmaktene har vore trege å få på bana.
- Arbeidet til Gaute Hvoslef Kvalnes har gjort at det endeleg vert det råd for oss nynorskbrukarar å sjå nynorsk på såkalla administrativ programvare, seier leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel.
Noregs Mållag heidrer denne innsatsen med å gje Gaute Hvoslef Kvalnes ein målblome for framifrå innsats for målsaka.
Noregs Mållag deler ut målblomen med ujamne mellomrom til personar som på ulike måtar har gjort ein innsats for nynorsken på særleg viktige felt.
Gaute Hvoslef Kvalnes er datastudent ved Høgskolen i Bergen og er 21 år gamal.
Pressekonferanse i Bergen
Dagleg leiar Grete Riise gjev Målblome til Gaute Hvolslef Kvalnes. Stad: Grand Hotel Terminus, peisestova Tid: I dag 30. oktober klokka 10.00
Les meir om KDE 2 her:<a href="http://www.kde.org">KDE</a> Les meir om IT og nynorsk her:<a href="http://www.nynorsk.no/nynorskdata/">nynorskdata</a> Les meir om nynorskutgåva her: <a href="http://i18n.kde.org/teams/no_NY/">kde.org</a>.
For meir informasjon: Oddmund Hoel 57 68 66 18 Grete Riise 22 47 71 00 eller 95 21 50 62
|
|