Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Still krav til Microsoft no!

 (04.10.2000)

– For å få nynorsk programvare i skulen må staten stille krav til programvareprodusentane gjennom den statleg innkjøpsordninga, seier Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom og Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.
På pressekonferansen til KUF i dag var utdanningsminister Trond Giske endeleg på glid, og understreka at dette er ei viktig sak.

– Utdanningsminister har endeleg skjønt at det går an å stille krav til programvareprodusentane. Nynorskelevane har krav på å få programvare på målet sitt, seier Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom. Ho tykkjer at saka har lege altfor lenge i departementet utan at noko har skjedd.

– Det billegaste tiltaket for å oppnå målet om lik rett til utdanning i Noreg er å stille krav til programvareprodusentane, slår Hoel og Dypvik fast.

I framlegget til statsbudsjett vert det lagt opp til ei satsing på utvikling av IKT i skulen.
– Vi meiner det er sjølvsagt at utvikling av nynorsk programvare må vera del av denne satsinga, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

I dag er det slik at nynorskelevar ikkje har tilgjenge til såkalla administrativ dataprogramvare på sitt eige mål. Dette er ikkje nemnd i statsbudsjettet og utvikling av nynorsk parallellprogramvare er heller ikkje med.
- Stortinget har bedd om handling i denne saka, men i følgje statsbudsjettet er det ingen som har ansvar for dette. No må Stortinget igjen ta ansvar, utfordrar Hoel og Dypvik.


For meir informasjon:
Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom, 928 48 360 eller 22 42 63 00
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194

Magnus Bernhardsen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no