Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget søkjer ny dagleg leiar

 (27.09.2000)

Vi ynskjer oss ein person med leiarerfaring, brei organisasjonserfaring og kjennskap til målrørsla, grundig kjennskap til offentleg forvaltning og det politiske systemet. Søkjaren må ha erfaring i langsiktig planlegging og prioritering og evne og vilje til å arbeide under skiftande tilhøve. Sikker språkføring er eit sjølvsagt krav.
Vi ynskjer oss ein person med leiarerfaring, brei organisasjonserfaring og kjennskap til målrørsla, grundig kjennskap til offentleg forvaltning og det politiske systemet. Søkjaren må ha erfaring i langsiktig planlegging og prioritering og evne og vilje til å arbeide under skiftande tilhøve. Sikker språkføring er eit sjølvsagt krav.

Instruksen for stillinga seier at dagleg leiar har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen og overordna administrativt ansvar for det målpolitiske arbeidet. Dagleg leiar har personalansvar for dei tilsette (for tida seks faste stillingsheimlar), førebur saker til styremøte, landsrådsmøte og landsmøte, på eige initiativ tek opp saker som er viktige for organisasjonen og tek kontakt med offentlege styresmakter, andre organisasjonar og media når det er aktuelt.

Vi tilbyr ein spennande og variert jobb med sete i Oslo. Løn etter avtale. Noregs Mållag kan tilby husvære sentralt i Oslo.

Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast til Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo innan 18. oktober 2000.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Grete Riise på tlf 22 47 71 00 eller leiar Oddmund Hoel på tlf 57 68 66 18 eller 97 02 11 94.

Noregs Mållag vart skipa i 1906 og arbeider for å fremje nynorsken og dialektane. Vi har i dag 11 000 medlemer i om lag 200 lokallag, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar på 80 % frikjøp og landsmøte kvart år. Vi har ei moderne skrivarstove midt i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen HSH. Det er inngått avtale om pensjonsordning for dei tilsette.




Magnus Bernhardsen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no