Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Storaksjon for programvare på nynorsk

 (27.09.2000)

- No er me leie av å venta! Data vert stadig viktigare i skulen, utdanningsdepartementet legg opp til å nytta meir enn 750 millionar på data i skulen dei neste åra, men dei har ikkje sett av ei einaste krone i budsjettet til omsetting av program til nynorsk. Dette vil uthola retten til å få læremiddel på sitt eige språk, det kan me ikkje godta, difor går me til aksjon, seier Astrid S. Dypvik, leiar i Norsk Målungdom.

Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen har skipa opp att Aksjon for Språkleg Rettferd i Skulen, denne gongen er kravet å få dataprogram på nynorsk. Aksjonsdagen er 28. september, og aksjonsgruppa reknar med å få om lag 20 000 elevar ut i streik.

Aksjonistane har to krav. Det fyrste er at føresegnene til opplæringslova vert endra, slik at dei slår fast at elevar og har rett på programvare på sitt eige språk. Det andre er at dei mest vanlege programma (Windows, Excel, Word og tilsvarande program) skal koma på nynorsk i løpet av dette skuleåret.

28. september vil skular over heile landet, frå Kirkenes i nord til Mandal i sør vera med på streik. I IT- bygda Voss har alle elevråda slutta seg til aksjonen, og der kjem meir enn 1000 elevar til å gå i demonstrasjonstog. Ulph frå Folk og Røvarar kjem for å spela musikk, og Martin Nilsen, leiar i elevorganisasjonen, og leiaren i Norsk Målungdom kjem til å halda appellar.

For meir informasjon: Astrid S. Dypvik

Aksjonsleiar 22 42 63 00 /92 84 83 60



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no