Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksiger i Sola

 (26.09.2000)

Røystinga ved Håland skule var den fyrste røystinga etter at allmenn røysterett vart innført att. Nynorsken vann med seks røyster.

- Me er svært nøgde med at nynorsken vann i Håland, seier Oddny Ueland, nestleiar i Noregs Mållag. 25. september gjekk dei røysteføre i Håland skulekrins i Sola til urna for å røysta anten nynorsk eller bokmål som opplæringsmål ved skulen. 129 røysta for bokmål og 135 røysta for nynorsk. Det var litt over 800 som hadde røysterett i krinsen.
- Det er ein stor styrke for skuleelevane å ha nynorsk som fyrste opplæringsmål, og folket i Håland har gjort elevane ei stor teneste ved å gå inn for nynorsk, seier Ueland.

Svært knapp siger
- Me har arbeidt med røystinga i styret i Sola Mållag og hatt fleire arbeidsmøte med målaktivstar og folk frå Rogaland Mållag, seier John Djup, styremedlem i Sola Mållag. Me fekk laga eit flygeblad med eit opprop for å røysta nynorsk - over 80 folk skreiv under oppropet, fortel Djup.
- Dette var ein svært knapp siger og hadde me ikkje organisert arbeidet og prata med folk kunne dette gått gale vegen. No vert oppgåva å sjå til at fleire vel nynorsk for ungane sine i Sola, slår John Djup fast.


Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no