Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slår ring om sidemålet

 (23.09.2000)

Ei rad kjende forfattarar, kulturarbeidarar, politikarar og akademikarar har slutta seg til eit opprop for eitt ja til sidemål i Osloskulen. Oppropet er laga av Ola E. Bø og Kjartan Fløgstad.

- At ein del forvirra Oslo-politikarar lar seg lure av Oslo Unge Høyre til å lage kulturell unntakstilstand i hovudstaden, er både pinleg og tragisk. Alt jubileumsskrytet om det fleirkulturelle mangfaldet fell pladask for politiske gjerningar. Men dessverre må dette takast alvorleg. Når bystyret i Oslo gir seg til å fikle med fagplanen i norsk på denne amatørmessige måten, vil det verke som eit hormonpreparat på språklege fordommar i resten av landet, seier Ola E. Bø.

- Vi er svært glad for at språk og kulturinteresserte tek åtaka mot nynorsken på alvor, seier leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel. Sidemålssaka i Oslo er ei rikspolitisk sak som gjeld alle, og den norske språksituasjonen er ei nasjonal sak som ikkje kan avgjerast av lokalpolitikarar.

- Eg vonar at statsråd Giske er samd i oppropet og tek initiativ til forsøk som styrkjer skrivetreninga og sidemålsundervisinga, ikkje svekkjer henne, seier Hoel.

I samband med bystyret si handsaming av saka onsdag 27. september vil bystyrepolitikarane i Oslo få overrekt oppropet med underskrivarane.

For meir informasjon:
Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, 970 21 194 eller 57 68 66 18
Ola E. Bø,

Dette oppropet vert annonsert i Dagbladet i dag:

Ja til sidemål i Osloskulen

For den norske skriftkulturen og for norsk dikting er tospråksituasjonen ein ressurs og ikkje eit problem. Utan grunnleggjande kunnskap i og om både nynorsk og bokmål er ein dårleg rusta til å forstå kulturen og samfunnsutviklinga her i landet. Når det no kjem framlegg om at elevane i Noregs hovudstad skal kunne velje seg vekk frå halve skriftkulturen, er dette eit kulturpolitisk signal vi på det sterkaste tar avstand frå. I det vi går inn for språkleg mangfald, pluralisme og kulturmøte, helsar vi derimot velkommen forsøk som går ut på å styrke opplæringa i begge skriftmåla.

Namn på nokre av dei 700 underskrivarane so langt:
Marit Allern
Olaf Almenningen
Karsten Alnæs
Merete Morken Andersen
Trond Andreassen
Georg Arnestad
Ellen Aslaksen
Marit Moum Aune
Egil Bakka
Tove Bakke
Harald Baldersheim
Rune Belsvik
Kirsten Braaten Berg
Maria Høgetveit Berg
Erling Berge
Kjell Lars Berge
Harald Berntsen
Brit Bildøen
Jon Bing
Tone Birkeland
Kristin Bjella
Rolv Mikkel Blakar
Liv Bliksrud
Jan Petter Blom
Hilde Bojer
Kjell Magne Bondevik
Hanne Bramnes
Svein Erik Brodal
Johan Brox
Endre Brunstad
Bjørgulv Braanen
Ole Jacob Bull
Tove Bull
Ola E. Bø
Kari Bøge
Christian Børs-Lind
Bodil Cappelen
Jørgen W. Cappelen
Lars Saabye Christiensen
Willy Dahl
Atle Døssland
Hans Ebbing
Kari Eika
Jon Eikemo
Kristenn Einarsson
Harald Engelstad
Irene Engelstad
Arnfinn Engen
Tore Linné Eriksen
Trond Berg Eriksen
Helga Gunerius Eriksen
Ivar Eskeland
Velle Espeland
Jon Faukstad
Atle Faye
Hans Olav Fekjær
Kjartan Fløgstad
Anders Folkestad
Øyvind Foss
Jon Fosse
Jan Olav Fretland
Ottar Fyllingsnes
Halvor Fosli
Jan Terje Faarlund
Trine Gedde-Dahl
Erling Gjelsvik
Svein Gjerdåker
Per Arne Glorvigen
Borghild Gramstad
Frode Grytten
Cathrine Grøndahl
Bjørg Gaathaug
Marit Hafting
Paul-Ottar Haga
Åslaug Marie Haga
Jan Ragnar Hagland
Lars Haltbrekken
Hans Marius Hansteen
Jorunn Hareide
Ola Haugen
Torild Thorstad Hauger
Jonny Halberg
Paul Hedlund
Anders Heger
Kjell Heggelund
Roald Helgheim
Inger A. Heldal
Botolv Helleland
Brita Helleland
Jon Hellesnes
Arne Hjeltnes
Geir Hjorthol
Ane Hoel
Edvard Hoem
Erling Dokk Holm
Halvard Holmen
Stig Holmås
Cathrine Holst
Ragnar Hovland
Knut Hove
Reidun Høydal
Marianne Berg Haaland
Ragnhild Queseth Haarstad
Maiken Ims
Erling Indreeide
Ernst Håkon Jahr
Kai Johnsen
Jorid Hjulstad Junttila
Johannes Jaastad
Mette Kahrs
Per Olav Kaldestad
Ragnvald Kalleberg
Are Kalvø
Erling Kittelsen
Erland Kiøsterud
Jan Kjærstad
Per Kleiva
Rønnaug Kleiva
Ingeborg Kongslien
Theo Koritzinsky
Svein Kostveit
Lisbeth Kristoffersen
Bernt Krøvel
Herborg Kråkevik
Guri Kulås
Ellen Kvistvik
Elisabeth Kværne
Liv Køltzow
Anne Enger Lahnstein
Hallgeir H. Langeland
Dag Larsen
Leif Johan Larsen
Mari Lending
Anne Lise Lervåg
Arvid Torgeir Lie
Sissel Lie
Svein Lie
Arnvid Lillehammer
Kåre Lilleholt
Jon Lilletun
Idar Lind
Arild Linneberg
Erlend Loe
Rutt Trøite Lorentzen
Kjellbjørg Lunde
Jon Låte
Ole-Henrik Magga
Marit Mannsåker
Karen Melvær
Olga Meyer
Ingeborg Mjør
Per-Børge Moltubakk
Gudmund Moren
Geir Mork
Else Mundal
Johan Myking
Ingunn Myklebust
Anne Marie Müller
Brit Mæhlum
Jostein Nerbøvik
Magnhild Nesheim
Tove Nilsen
Trond Nordby
William Nygaard
Audgunn Oltedal
Helge Omdal
Erna Osland
Kjartan Ottosson
Per Petterson
Øyvind Pharo
Maria Verónica Montecinos Pino
Andrine Pollen
Geir Pollen
Aashild Ramberg
Eivind Røssaak
Unn Røyneland
Even Råkil
Khalid Salimi
Vidar Sandem
Erling Sandmo
Hilde Sandvik
Torgeir Schjerven
Nora Simonhjell
Liv Hege Skagestad
Guri Skeie
Gunnar Skirbekk
Martin Skjekkeland
Tori Skrede
Rune Slagstad
Nils Sletta
Dag Solstad
Bjørn Sortland
Lars Sponheim
Gunnar Stave
Idar Stegane
Ola Stemshaug
Thorvald Steen
Rachel Larsen Stenseth
Elin Strand
Arild Stubhaug
Gunnar Staalesen
Ole Robert Sunde
Åsfrid Svensen
Aslak Syse
Espen Søbye
Morten Søberg
Jan Inge Sørbø
Herbjørn Sørebø
Morten Thomte
Jahn Thon
Irja Thorenfeldt
Arve Thorvik
Arne Torp
Helge Torvund
Narve Trædal
Steinulf Tungesvik
Rita Tveiten
Kåre Tønnesson
Johan L. Tønnesson
Jan Ove Ulstein
Ågot Valle
Inger Vederhus
Kjell Venaas
Jon Peder Vestad
Guri Vesaas
Lars S. Vikør
Jan Erik Vold
Lars Amund Vaage
Asbjørn Wahl
Rolf Walin
Margit Walsø
Herbjørg Wassmo
Geirr Wiggen
Dagfinn Worren
Vidar Ystad
Rasa Ziburkute
Einar Økland
Stein Ørnhøi
Jon Østbø
Øyvind Østerud
Åse Grønlien Østmoe
Janneken Øverland
Knut Olav Åmås
Magne Aasbrenn
Elisabeth Aasen
Trygve Åslund

Sjå også www.nynorsk.no


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no