Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk også i Osloskulane

 (18.09.2000)

Fråsegn frå landsstyremøte i Sosialistisk Venstreparti 16.-17. september 2000.

Gjennom heile si 25 årige historie har SV arbeidd for å styrke nynorsken si stilling i det norske samfunnet. Partiet har støtta kravet om lærebøker både på bokmål og nynorsk, til same tid og til same pris, og har klart gitt utrykk for den viktige kultur – og språkpolitiske betydning nynorsk har og har hatt. I SV sitt Arbeidsprogram for inneverande periode står det jamvel:"SV vil arbeide for å styrke nynorsk og dialektane sin plass i all opplæring, frå barnehage til høgskolenivå".

På denne bakgrunn beklager landsstyret i SV at fleirtalet i bystyret vil gjere nynorsk frivilleg i halvparten av skulane.

Eit slikt forslag vil føre til at færre får opplæring i nynorsk, og det vil klart svekke nynorsken si stilling , i tillegg til at Oslo ungdom etterkvart ikkje vil kunne utføre viktige jobbar innan det offentlege.

Landsstyret i SV kan heller ikkje sjå at dette er ei ordning av ein slik pedagogisk eller organisatorisk betydning at Opplæringslova kan fråvikast, og ber difor Statsråd Giske om ikkje å godkjenne denne forsøksordninga som byrådet i Oslo no vil iverksette.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no