Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkleg høgrepopulisme

 (18.09.2000)

- Felttoget mot nynorskopplæringa i Oslo bør vera ein vekkjar for alle som verdset folkeleg kultur og språkleg og kulturelt medvit, skriv Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag i dette innlegget i Klassekampen.

"Halv seier i sidemålssaken" melder Oslo Høgre på nettsidene sine etter møtet i Kultur- og utdanningskomiteen i Bystyret i førre veke. Då vart det klårt at ein språkpolitisk allianse mellom Høgre og Arbeidarpartiet vil sikra fleirtal for å la Bystyret søkja om å avskaffa nynorskopplæringa på inntil 12 vidaregåande skular i Oslo. Høgre og Framstegspartiet ville i utgangspunktet fjerna nynorskopplæringa på alle skular.

Felttoget mot nynorskopplæringa i Oslo bør vera ein vekkjar for alle som verdset folkeleg kultur og språkleg og kulturelt medvit. Høgre programfesta i 1997 å "gjere den skriftlege sidemålsundervisninga valfri", og eit slikt framlegg frå Høgre og Frp vart røysta ned Stortinget i oktober 1999. Dei veit sjølvsagt like godt som målrørsla at om dei får lirka gjennom dette i den største kommunen i landet, kamuflert som "forsøk", vil det i praksis vera umogleg å halda oppe den obligatoriske opplæringa i båe språk i resten av landet. Etter ei meiningsmåling nyleg, ville dei to riksmålspartia mangla eit fattig mandat på å få fleirtal i Stortinget for den mest dramatiske omlegginga av norsk språkpolitikk etter krigen.

Ordskiftet dei siste vekene har dokumentert at det går føre seg mykje elendig skriveopplæring i Oslo-skulen, særleg i nynorsk. Når undervisninga er prega av grammatikkpugg og rettskrivingsdrill i tråd med framandspråkspedagogikk frå 60-åra, er det eit teikn på at det står dårleg til med all skriveopplæring, ikkje berre den nynorske. I tillegg har Byrådet med hjelp av Finn-Erik Vinje servert udokumenterte røvarhistorier om at 30-50% av norsktimane i den vidaregåande skulen blir brukte til sidemål. Men problemet er det motsette: at elevane blir sende opp til eksamen med alt for lite og alt for dårleg undervisning bak seg. Målrørsla har i ei årrekkje etterlyst reelle forsøk som kan gjera nynorskopplæringa for bokmålselevar betre og meir motiverande, og i praksis må dette gå ut på å få sett ut i livet mange av dei gode tankane som det siste tiåret er nedfelte i eksamensordning, fagplanar og skrivepedagogisk tenking.

I botn gjeld Oslo-saka likevel ikkje pedagogikk, men eit av dei mest sentrale prinsippa i norsk språkpolitikk. Difor må heller ikkje utdanningsminister Trond Giske opna for "forsøk" med valfritt sidemål i Oslo-skulen utan å be Stortinget om godkjenning. Det står om nynorsk formelt og reelt skal vera eit nasjonalspråk og ein del av språkkompetansen til alle nordmenn, eller om språket skal sperrast inne i dei 117 nynorskkommunane. I snart hundre år har det vorte kravd at alle nordmenn skal få ei innføring både i bokmål og nynorsk gjennom allmennutdanninga - på line med matematikk, historie, litteratur og engelsk. Nynorsk er i dag fyrstespråket til over ein halv million nordmenn og til ein fjerdedel av norske kommunar og skular, og nynorsken har vorte ein integrert del av nasjonalkulturen og historia vår. Det er snakk om å ha kjennskap til ein skrifttradisjon som i 150 år har vore ei sterk kraft i demokratiseringa og den kulturelle moderniseringa av Noreg - kulturelt er opplæringa i båe språk eit spørsmål om å kjenna heile landet sitt språkleg.

På det politiske og praktiske planet er obligatorisk opplæring i nynorsk og bokmål for alle grunnlaget for at nynorsk og bokmål er jamstelte i statstenesta over heile landet. Det er òg grunnlaget for å halda Noreg saman i utdanning og yrkesliv som eit samla språksamfunn med full mobilitet i ei tid der ungdom i stadig mindre grad veit kvar dei endar i verda og i yrkeslivet - som diplomat i Wien eller norsklærar i Vinje.

Det mest alvorlege med Oslo-saka er at me er i ferd med å få ein politikargenerasjon som ikkje går av vegen for å surfa på bølgjene av nynorskhat som kjem til syne i kampanjane til Unge Høgre og i lesarbrevspaltene til Aftenposten Aften. Fraksjonsleiaren til Ap i Oslo, Jorun Bekkby, fortalde til Aftenposten 16/8 at "- Jeg kommer fra østkanten og har lidd nok med unger som sier "sjokelade" og "sjøpe" og må skrive det annerledes. Nynorsk på toppen blir bare for mye, sier Bekkby, som heller ikke synes nynorsk er spesielt viktig i år 2000. - Du finner ikke mye nynorsk på en PC, bemerker hun." Seinare har nok argumentasjonen frå Oslo Ap vorte frisert - utan at det hadde noko å seia for konklusjonen.

Berre ei brei kulturell og politisk mobilisering kan hindra at dette blir standarden, ikkje berre for synet på nynorsk, men i kulturpolitikken generelt i tida frametter. Mange er alt på bana. Målrørsla har i denne saka fått støtte på leiarplass i Dagbladet, VG, Aftenposten Aften, Dagsavisen, Klassekampen, Vårt Land, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Strilen, Firda og Firda Tidend, og Norsk språkråd, Norsk kulturråd, forfattarorganisasjonane, lærarorganisasjonane, forskingsmiljøa, Venstre, Krf, Sp, RV, kulturministeren, sentrale utdanningspolitikarar på Stortinget for Ap og SV og ei lang rekkje andre. På hi sida står Asker og Bærums Budstikke, Ullern Avis/Akersposten, Moss Dagblad, Høgre, Frp og bystyregruppene til Ap og SV med støtte frå ein del nynorskfiendslege lesarbrevforfattarar og elevar som skriv ‘spynorsk mordliste‘ på ordlista.

No må nynorskvener og kulturfolk i alle politiske leirar og landsdelar hiva seg rundt.

Oddmund Løkensgard Hoel
leiar i Noregs Mållag


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no