Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Ap vil fjerne nynorsken i Oslo

 (12.09.2000)

- Vi er skuffa over at nynorskmotstandarane i Oslo Arbeidarparti har fått overtaket og fått bystyregruppa med på den språklege høgrepopulismen til Høgre og Framstegspartiet, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

I dag vart det kjent at Arbeidarpartiet vil gjera sidemålsopplæringa valfri på opptil 12 vidaregåande skular i hovudstaden, eventuelt gjennom å opna for karakterfritak som er eit anna ord for valfritt sidemål.

- Ei tid såg det ut som om det var reell vilje i Oslo Ap til å setja i gang forsøk som kunne styrkja skriveopplæringa både i bokmål og nynorsk i Oslo-skulen, noko Noregs Mållag har etterlyst i ei årrekkje. Men dette var berre spel for galleriet. For Ap dreier dette seg om at Høgre og Frp ikkje skal få vera åleine om å skåra poeng på nynorskmotstanden til Oslo-elevane i skulevalkampen neste år, seier Hoel.

Noregs Mållag reknar med at utdanningsminister Trond Giske avviser søknaden som eit fleirtal i bystyret no ser ut til å gå inn for.
- Det er rein kamuflasje når ordet "forsøk" blir brukt om å avskaffa nynorskundervisninga, seier Oddmund Hoel.

Sidemålsundervisninga har vore ein grunnstein i norsk språkpolitikk sidan 1907. Ho har vore avgjerande for å sikra dei språklege rettane til det mindretalet som skriv nynorsk og for å sikra at alle nordmenn får ei innføring i heile den norske språklege arven.
- Å endra på dette er ei sak for Stortinget, ikkje for utdanningsministeren, seier Hoel, som meiner det no trengst ei avklaring av kva som er språkpolitikken til Arbeidarpartiet.

- Arbeidarpartiet har vorte utydelege i språkpolitikken. Dei sentrale utdanningspolitikarane på Stortinget har forsvart det vi trudde var språkpolitikken til partiet, men det viktigaste fylkeslaget har sådd tvil om dette. I programframlegget til landsmøtet er korkje nynorsk eller sidemål nemnt. No må kultur- og språkmedvitne folk i Ap ta til motmæle, slår Oddmund Hoel fast.

For fleire kommentarar:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 57 68 66 18
Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom, 928 48 360
Grete Riise, dagleg leiar i Noregs Mållag, 952 15 062


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no