Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskopplæring for alle

 (10.09.2000)

Felles fråsegn frå Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Noregs Ungdomslag.

Høgre-byrådet og Framstegspartiet i Oslo vil gje alle elevar i den vidaregåande skulen i hovudstaden fritak for opplæring i nynorsk. Arbeidarpartiet og SV i Oslo har vore open for å gjennomføra dette på nokre skular. At saka er fremja under dekke av å vera eit ”forsøk”, gjer ho ikkje mindre alvorleg. Framlegget er ein freistnad på å avskaffa det viktige prinsippet i norsk språkpolitikk at alle nordmenn skal ha opplæring i båe språk. Får hovudstaden unntak frå dette prinsippet, kan dette skapa eit massivt press mot sidemålundervisninga i resten av landet.

Framlegget har heldigvis fått kraftig motbør, mellom anna frå forfattarhald og aviser som VG, Aftenposten, Dagsavisen, Dagbladet, Klassekampen, Bergens Tidende og ei rad lokalaviser. Det har i snart hundre år vore eit hovudprinsipp i norsk språkpolitikk at alle nordmenn skal få ei innføring både i bokmål og nynorsk gjennom allmennutdanninga – på line med matematikk, historie, litteratur og engelsk. Nynorsk er i dag fyrstespråket til over ein halv million nordmenn og til ein fjerdedel av norske kommunar og skular. Nynorsken har vore med på å forma den norske samfunnsveven og har vorte ein integrert del av nasjonalkulturen vår. Kulturelt er opplæringa i båe språk eit spørsmål om å kjenna heile landet sitt språkleg.

Obligatorisk opplæring i nynorsk og bokmål for alle gjer det mogleg at nynorsk og bokmål er jamstelte i statstenesta over heile landet. Det er òg grunnlaget for å halda Noreg saman i utdanning og yrkesliv som eit samla språksamfunn med full mobilitet.

Alt for mykje av den nynorskundervisninga bokmålselevar får, er for dårleg. Det trengst ei opprusting av skriveopplæringa i norsk skule, og særleg i undervisninga i nynorsk sidemål, i tråd med dei tankane som R-94, L-97 og moderne skrivepedagogikk byggjer på. Det trengst ei kraftig styrking av grunnutdanninga og etterutdanninga av norsklærarar slik at dei blir sette i stand til å møta den stadig større delen av elevane som skal ha obligatorisk opplæring i nynorsk og bokmål i den vidaregåande skulen.

Løysinga er ikkje å fjerna den eigne karakteren i sidemål. Fjerning vil gjera det opp til kvar einskild lærar kor mykje sidemålsundervisning elevane skal få. Avdi skulane er karakterbasert vil ei slik ordning veikja sidemålet.

Fram mot stortingsvalet hausten 2001 trengst det ei kraftfull mobilisering i kulturmiljø, politiske miljø og i skuleverket. Det må slåast fast på nytt at nynorsk er eit nasjonalmål, ikkje eit regionmål, og at den nynorske skrifttradisjonen framleis skal høyra til heile folket som ein integrert del av den norske felleskulturen.

Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag
Johan Einar Bjerkem, leiar i Noregs Ungdomsslag
Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, 970 21 194
Johan Einar Bjerkem, 928 40 553
Astrid Dypvik, 928 48 360

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no