Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haustprogrammet i Aasen-tunet er klart

 (08.09.2000)

Sopp, sidemål og slagerar frå 50-åra!
Haustsesongen er eit einaste langt festspel i Aasen-tunet. Kvar onsdag og søndag inviterer Nynorsk kultursentrum til opne arrangement.

Fram til jul blir det heile 33 tilstellingar. I tillegg står fleire andre bak opne arrangement. Pågangen på tingingar for grupper og lukka selskap er no så stor at det er sett strek for tingingar fram til midten av oktober. Så mange ønskjer å bruke nybygget at Aasen-tunet ser ut til å bli noko meir enn eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter. Aasen-tunet kan også bli eit kulturhus for heile regionen.
Spennvidda er stor og målgruppene ulike. Knapt noko tema er uinteressant for Aasen-tunet. I haust blir det innslag om både sopp, sidemål og slagerar frå 50-åra. Kvar onsdagskveld og søndagsettermiddag blir det tilstellingar. Onsdagskveldane er ein kopp kaffi eller te inkludert i billettprisen. Med slike tilbod og eit breitt programtilbod håpar Nynorsk kultursentrum at Aasen-tunet kan bli den nye lokale vanen. Tendensen er der alt.

Folkekjære namn, store kunstnarar, lokalt tilsnitt
Kunnskapsrike talarar, medrivande forfattarar og kresne songarar og musikarar står i kø for å kome til Aasen-tunet. Nynorsk kultursentrum satsar på kombinasjonen av folkekjære namn, store kunstnarar og lokalt tilsnitt.
Ingen kan snakke betre om Jakob Sande enn sambygdingen Herbjørn Sørebø. I haust har han gitt ut ein biografi om Jakob Sande som er blitt varmt motteken. Til Aasen-tunet kjem Sørebø for å fortelje om sunnsfjordsdiktaren, og åmdølingen Kjell Idar Saure les Sande-dikt. Denne kvelden må ingen gå glipp av!
Kafeen i Aasen-tunet har fått ry for god mat. Særleg har søndagsmiddagen slått godt an. Søndag 10. september slår den dyktige kjøkkenleiaren Randi Saure til med ferskt haustlam og sopp. Same dagen er det sopptur for store og små, med godkjend soppkontrollør frå Næringsmiddeltilsynet til å skilje godt og dårleg. Rune Pettersen er med som kjentmann.
Eit av dei største arrangementa blir avvikla fredag 22. september. Då kjem Rikskonsertane til Volda og Ørsta med programmet Lydlandskap, som omfattar fleire arrangement. Hovudkonserten blir halden i Aasen-tunet, og stjernerekkja er lang: Folkemusikaren Øyonn Groven Myhren, Frode Alnæs, jazzmusikaren Bugge Wesseltoft, den svensk-norske slagverkstrioen SISU og dei gode KanutteBertene. Og den som aldri har høyrt ein cimbalom-virtuos, kjem ikkje til å gløyme Laszlo Racz.
Laurdag 11. november blir bokdagen på Nordvestlandet avvikla i Aasen-tunet i samarbeid med Møre og Romsdal Forfattarlag. Då vonar arrangørane på den same fine stemninga som under litteratur-programma jonsokaftan. Forfattarane som var med då, snakkar framleis varmt om den kvelden.
Den lange rekkja av julekonsertar på Sunnmøre får ein ny tilvekst i år. Den 3. desember blir det adventskonsert med dei kjende og kjære julesongane – og nokre av dei gløymde. Oddgeir Bruaset fortel om bakgrunnen for songane, eit ensemble frå musikklinja ved Volda vidaregåande skule spelar, og publikum blir med i allsong.
Bilete i mange former
Når steinhuset i Aasen-tunet no er gjort om til galleri, har fylket fått eit nytt offentleg kunstgalleri. Dei er det få av frå før. I Aasen-tunet skal både den glade og gode amatør og den dyktige, etablerte kunstnar få sleppe til. Det har alt vekt oppsikt at Ørsta-ordføraren Nils G. Taklo like gjerne svingar målarpenslane som ordførarklubba, og publikum har teke godt imot dei fargeglade bileta hans. Det vil også bli ei juleutstilling i Galleriet, men her er ikkje kunstnaren bestemt enno.
Lokalhistoria blir som ny i Aasen-tunet. Planen er at ”Gjensyn med Nærsynet” vil bli eit fast innslag både haust og vår. Eivind Rønnestad og studentar ved medielinja ved Høgskulen i Volda vil finne fram gamle opptak for vising på storskjermen i salen.
Onsdag 8. november blir ein vakker kveld i Aasen-tunet! Då stiller Lasse Kornberg ut gamle foto frå Ørsta og Volda. Han har lova å by på både godbitar og sjeldne foto. Same kvelden held voldingen Roger Erlandsen held eit stort lysbilete-foredrag om norsk fotohistorie. Erlandsen er den fremste norske fotohistorikaren, og kjem med ei stor bok om emnet i haust.

Gode foredrag – og platekåseri
Det er fleire enn Erlandsen som slepper til på talarstolen i Aasen-tunet. Salen i nybygget er framifrå for den som vil tale eller lytte. Eit fast innslag utover hausten og vinteren blir Aasen-tunets foredragskveldar. Her kjem Gunnar Strøm og snakkar om eit av sine mange favoritt-emne: Liverpool-poetane. Slike platekåseri skal det bli fleire av seinare, for det er mange som har platesamlingar dei gjerne vil spele frå og snakke om.
Under opningshøgtida 22. juni fekk høgsterettsdommar Karl Arne Utgård prisen ”Årets nynorskbrukar” for arbeidet sitt med å bruke nynorsk i domsstolane. I haust kjem han tilbake og kvitterer for prisen med eit banebrytande foredrag om nynorsk som rettsmål.
Ut i november kåserer Torbjørn Urke om stjernehimmelen. Ligg veret til rette for det, blir det høve til å dra til Kometland etterpå. Då kan det vere lurt å vere godt skodd. Også Jon Olav Myklebust er godt skodd når han held foredrag om vestlandslæraren. Kva er mytar og kva er fakta om denne skapningen som har gjort og framleis gjer så mangt i norsk kulturhistorie?

Den store debatten
Spørsmålet om nynorsk som sidemål har blussa opp igjen. I Oslo har byrådet føreslått å fjerne den obligatoriske undervisninga. Det utløyste ein sterk debatt med skarpe meiningar og febrilsk jakt etter utvegar. Ein av dei som engasjerer seg i dette emnet, er professor Finn Erik Vinje. Onsdag 4. oktober kjem han til Aasen-tunet for å bere fram synspunkta sine i eit nynorsk kjerneområde. Leiaren i Noregs Mållag, Oddmund L. Hoel, er ein av dei som gir han svar på tiltale. Truleg må ein tilbake til EU-debattane for å finne eit tilsvarande debattmøte på Sunnmøre om eit viktig emne som gjeld heile landet.
Nynorskens plass i skule og kringkasting er emne for to foredrag i Aasen-tunet under Forskingsdagane 2000. Frå Høgskulen i Volda kjem Anne Steinsvik Nordal og talar om ”Nynorsk i lærebøker og læremiddel”, mens Jon Peder Vestad tek for seg ”Språksyn hos nynorskbrukarar i etermedia”.

Varierte barne-aktivitetar
Publikum som har gjesta Aasen-tunet i sommar, har vore særleg godt nøgde med at her er det noko for folk i alle aldrar. Utover hausten følgjer Nynorsk kultursentrum opp med eigne barne-arrangement. I tillegg til Torvald Sund har også Leiv Arne Grimstad barnetime i tunet. Søndag 17. september les han frå den nye boka si, ”På veg til stjernene”. Fleire slike program er under planlegging.
Blir det ein god førjulsvinter med snø, blir det livat i Aasen-tunet søndag 3. desember. Som oppvarming til adventskonserten kan store og små vere med og fylle heile uteamfiet med snømenn. Der er plass til over 300! Viss budsjettet held, kan det bli aktuelt å kjøpe inn like mange nisseluer …

Litteratur + musikk = Aasen-tunet
Salen i nybygget er også god for musikk. Det vil Klakegg/Skullerud duo merke når dei har jazzkonsert søndag 1. oktober. Jazzinspirert blir det også når gruppa Jabes kjem, med eit repertoar der all musikk er arrangert av voldingen Ole Martin Tonheim. Dessutan har Stemmebandet leigt Salen for å ha eigen konsert. Dette koret har imponert mange med både presisjon og musikalsk driv.
Litterære konsertar blir eit varemerke for Aasen-tunet. Haustsesongen blei opna 3. september med ein konsert bygd på tekstar av Ivar Aasen og Olav H. Hauge. Søndag 24. september kjem skodespelaren Jannik Bonnevie og musikaren Elin Grytting med framsyninga ”Bergfrue og Asfaltdronning”. Her møter publikum tekstar av Marie Takvam, Marit Tusvik og Åslaug Låstad Lygre på nye måtar.
Ragnhild Vannebo gjorde eit sterkt inntrykk med sine tolkingar av nynorske dikt under opningshøgtida. Det er difor all grunn til å ha store forventningar til det programmet ho har laga med tekstar av Tarjei Vesaas. Vannebo får tonefølgje av Torleif Holm på cello.
Av dei mange bøkene som kjem i haust, har Aasen-tunet festa seg ved utvalde dikt av Alfred Hauge. Jan Inge Sørbø har redigert boka, og onsdag 13. september blir han den første i bokkafeen i Aasen-tunet. Seinare kjem Arild Stubhaug og held foredrag om nordfjordingen Sophus Lie, matematikaren og naturkjennaren som blei eit verdsnamn på sitt fagfelt. Det kan bli ein kveld med overraskingar, for Stubhaug har det med å finne svært interessant stoff der han ferdast. Internasjonalt blir det også når poeten Mansur Rajih kjem og fortel om fengselsåra sine i Jemen. Tor Obrestad har gjendikta både dei vakre kjærleiksdikta og dei sterke meiningsdikta hans, og kjem saman med Rajih.
Året 2000 er Det maritime året. Dette er også emnet for Museumsstafetten 2000 i Møre og Romsdal. Stafetten blir avslutta i Aasen-tunet søndag 19. november. Då les trønderforfattaren Torvald Sund frå skildringane sine av kystlivet i Trøndelag. Sildefisket blir ikkje det same etter å ha høyrtt han! Taretausene frå Giske stiller også, og når den dyktige opplesaren Sund også skal ha barnetime denne dagen, skulle dagen vere komplett.
Landet rundt er det mange ”Syng med oss”-tilstellingar. No gjer Aasen-tunet denne konsertforma til eit fast innslag. Heltne/Bratteberg Grendakor har satsa stort ved fleire høve, og har i haust eigen konsert i Aasen-tunet. Koret Vox Virorum frå Hareid har sunge i Aasen-tunet før. Dei fortener eit større publikum enn dei hadde då, og denne gongen har dei med seg Ingolf Håkon Teigene som programleiar. Dette er eit av hans favoritt-kor, gammal kordirigent som han er.
”Lykkeland” er tittelen på ei mimre- og utklippsbok om slagerane frå 50- og 60-åra. Boka er skriven av NRK-journalistane Magnhild Bruheim og Sissel Bjørgan. Få dagar før boka kjem ut, blir det førpremiere i Aasen-tunet. Dei to fortel om musikken og tida, Børre Lødemel syng, og publikum blir med i både refreng og allsong – frå Søstrene Bjørklund til Fru Johnsen.


For meir informasjon
Informasjonsleiar Torgeir Dimmen, 70 04 75 78
Programansvarleg Gunn Marit Lid, 70 04 75 79
Direktør Ottar Grepstad, 70 04 75 75

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no