Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag helsar sidemålsforsøk velkomen

 (29.08.2000)

Etter at bystyregruppene til Ap og SV hadde møte måndag kveld, er det klart at det ikkje er fleirtal i bystyret i Oslo for framlegget frå høgrebyrådet om å kutta ut nynorskundervisninga.

- Vi tykkjer det er gledeleg at fleirtalet tvert om ser ut til å ønskja å setja i gang reelle og fagleg forsvarlege forsøk som vil styrkja skriveopplæringa. Noregs Mållag har i mange år etterlyst forsøk og tiltak som kan gjera skriveopplæringa i skulen meir moderne og ta på alvor dei gode intensjonane som ligg i fagplanen, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

– Elevane fortener ei betre og meir motiverande opplæring i nynorsk enn dei får i dag, og lærarane fortener ei betre grunnutdanning og etterutdanning, seier Hoel.

Det einaste Noregs Mållag krev, er at forsøka ikkje svekkjer stillinga til nynorsken i skuleverket.
- Det vil seia at vi ikkje kan godta såkalla ”forsøk” der nynorskundervisninga vert gjord valfri, eller forsøk der ein reduserer talet på karakterar og eksamensdagar i norsk, seier Hoel.

- Slike ”forsøk” vil vera i strid med hovudprinsippa i norsk språkpolitikk og undergrava norskfaget i staden for å styrkja det, og ut frå det utdanningsminister Trond Giske og sentrale stortingspolitikarar for Arbeidarpartiet har uttalt, reknar vi med at eit slikt framlegg vil bli avvist, seier Oddmund Hoel.


For fleire kommentarar:

Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag, 970 21 194

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no