Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Bystyret må ta ansvar for nynorsken i Oslo

 (28.08.2000)

- Vi krev at bystyret tek det språklege mangfaldet på alvor, og avviser framlegg som vil svekke Oslo si stilling som kulturell hovudstad, seier Vidar Lund, leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.

- Oslo må framleis vera ein by for nynorsken. Sidan Ivar Aasen kom til Oslo 24. september 1847 har Oslo vori sentral for nynorsken. Denne posisjonen er i dag truga, held Vidar Lund fram. Bondeungdomslaget har engasjert seg sterkt i sidemålssaka i Oslo.


- Som hovudstad har Oslo eit særleg ansvar for å ta vare på heile kulturarven. 1000-årsfeiringa viser mangfaldet i byen, men det ser ut som om dette er berre noko ein pyntar seg med til fest, seier Vidar Lund. Nynorske organisasjonar og institusjonar er ein viktig del av kultur- og næringslivet i hovudstaden. Til saman har nynorsktiltaka i Oslo ein omsetnad på 350 millionar kr og 450 tilsette.

For kommentar:

Vidar Lund, leiar i Bondeungdomslaget i Oslo, tlf. 936 05 622 / 22 47 71 00

Måndag 29. august klokka 12.00 er det møte i Nynorsk forum i Pilestredet 8. Der vil det vera representantar frå dei ulike nynorsktiltaka i Oslo. De er hjarteleg velkomne til ein prat føre møtet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no