Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til sidemål.

 (21.08.2000)

- Dette er ikkje eit forsøk for å få betre norskundervisning, men ei dårleg løynd gjennomføring av programposten til Høgre om å gjera sidemålet "valfritt", skriv Noregs Mållag i brev til alle byrådsrepresentantane i Oslo bystyre. I september skal dei handsame framlegget om å kutte ut sidemål i Oslo.

Nynorsk i Oslo - Byrådsak 205/00

Byrådet i Oslo sende 7. august i år ei sak, nr 205/00, til bystyret om «Sidemål i videregående opplæring i Oslo». Saka endar med ei innstilling til vedtak frå Byrådet til bystyret i Oslo:
Oslo kommune søker Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet om forsøk med valgfri skriftlig sidemålsopplæring i videregående skole. Saka skal opp på bystyremøtet i september.

Formelt:
Dette er ikkje eit forsøk for å få betre norskundervisning, men ei dårleg løynd gjennomføring av programposten til Høgre om å gjera sidemålet "valfritt". Hadde det vore meint som eit seriøst forsøk, var det eit minimum at ein opererte med ei forsøksgruppe og ei kontrollgruppe, og at det var formulert nokre kriterium for kva som skulle til for å rekna forsøket som vellukka. Dersom målet er å styrkja skriveopplæringa i bokmål, måtte det òg bli prøvd ut andre måtar enn å avskaffa nynorskundervisninga, men det nemner ikkje Byrådet i det heile. Byrådsleiar Fritz Huitfeldt tala meir rett ut i Ordet 4/1999 (bladet til Riksmålsforbundet): "Dette har vært en del av vårt program lenge. Skriftlig sidemålseksamen er kunstig for Oslo-folk." Framlegget kan einast tolkast som ein måte å gjennomføra lokalt det Stortinget i oktober 1999 avviste å gjennomføra på landsplan då framlegget frå Høgre om "valfri" sidemålsundervisning vart røysta ned.

Fagleg:
Argumentasjonen vantar totalt det faglege grunnlaget som må liggja til grunn for å setja i gang eit større forsøk der det skal eksperimenterast med skuletida og framtida til vanleg ungdom. Påstanden om at det vil styrkja bokmålsundervisninga om ein fjernar nynorskundervisninga vert ikkje ein gong dokumentert kvantitativt gjennom kor mange timar som vert frigjorde, og langt mindre kvalitativt.

Det einaste som blir drege fram, er ein udokumentert påstand av Finn-Erik Vinje som i 1993 skreiv at "Det antydes [av kven??] at mellom 30 og 50 % av undervisningen i bokmålsklasser går med til opplæring i nynorsk sidemål." Alle norsklærarar og elevar veit at sjølv ikkje den mest interesserte nynorsklærar brukar så mykje som 50% av norsktimane gjennom tre år på undervisning i nynorsk i Oslo, og neppe heller 30 %. Det er direkte uforsvarleg å setja i gang forsøk på eit så fagleg sviktande grunnlag, jamvel om det berre hadde vore for éin klasse.

Byrådet skriv at «Obligatorisk skriftlig sidemålsopplæring og vurdering gjør at undervisningen i stor grad må legges opp i forhold til formelle skriftlige krav rettet inn mot eksamen.» (side 5, tredje avsnitt). Sensorrettleiingar for skriftleg eksamen i vidaregåande skule viser at vurderinga i sidemålet dei siste åra legg større vekt på uttrykksmåte, flyt, stil og mindre på det formelle, den er
blitt meir funksjonell, mindre formalistisk (jamfør til dømes Sensorrettleiing i norsk. Eksamenssekretariatet. Oslo: Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus. 1999).

Den nyaste og største granskinga om sidemålsundervisninga i Noreg er Alternativ eksamens-avvikling i sidemål. En evaluering av forsøk med framskutt eksamen i norsk sidemål ved Fagerborg videregående skole og Laksevåg Gymnas av Rune Solem, Senter for etterutdanning ved Allforsk i Trondheim, 1996. I dette prosjektet vart det mellom anna prøvd å arbeida etter eit såkalla konsentrasjonsprinsipp.
Undervisninga vart organisert slik at heilskapen vart tydeleg, unngå oppsplitting av faget og arbeida konsentrert med sidemålet i periodar. Andre prinsipp er å integrera arbeidet med lesing av litteratur og anna lærestoff med skriving, arbeida med tekst- og
språkmedvit. Sidemålet vart teke i bruk som arbeidsspråk i fleire undervisningssituasjonar, det vil seie at all skriving i periodar var på sidemålet, ikkje berre avgrensa til tekstar som skulle leverast inn og vurderast. Sidemålet blir såleis ein reiskap i tekst- og språkarbeidet, ikkje berre eit objekt ein studerer. "Kontinuiteten i arbeidet og hyppigheten av øvingene understrekes ... som en av de mest fruktbare effektene ved forsøksordninga" (s 20). I oppsumemringa heiter det mellom anna (s 113 ff) at sidemålsundervisninga bør integrerast i den allmenne skriveopplæringa.


Kan føra Oslo-elevar opp i store problem seinare i livet:
Det er eit vilkår både for opptak til høgare utdanning og ein føresetnad i mange delar av yrkeslivet at ein kan nynorsk, til dømes i dei 117 norske kommunane og fire fylkeskommunane og den fjerdedelen av norske skular som har nynorsk som fyrstespråk, bedrifter og lokalaviser i nynorskområda og store tospråklege bedrifter som Fokus Bank. Dugleik i nynorsk vert i det norske samfunnet i dag rekna som ein del av allmenndanninga, og norsk språkpolitikk og lovgjeving kviler på at alle skal ha hatt opplæring i både nynorsk og bokmål, særleg mållova som føreset at alle offentlege tilsette kan skriva båe mål. Skal ein gjera eit lokalt unntak for Oslo-ungdom utan at det gjeld for annan norsk ungdom, og utan at språkpolitiske ordningar elles vert endra, kan det skapa store problem for dei som ikkje har fått nynorskopplæring. Ungdom veit i stadig mindre grad kvar dei kjem til å enda opp, både i yrkeslivet og geografisk, og framlegget om å ta bort nynorskundervisninga for Oslo-ungdom går stikk imot dei stadig auka krava til mobilitet og fleksibilitet som ungdom møter i samfunnet. Framlegget har langt større verknader enn dei opptaksreglane til høgare utdanning som Byrådet vil greia ut.

Vil gje Oslo-ungdom ein mangelfull opplæring i norsk språk og kultur:
Den skriftlege opplæringa skal tena til langt meir enn å læra elevane å uttrykkja seg på nynorsk - ho skal òg gje dei ei innføring i den nynorske skriftkulturen og den nynorske lina i norsk kulturhistorie. Nynorsk er ikkje berre ein annan måte å skriva sume ord på, det er òg ein annan måte å sjå Noreg på enn bokmålstradisjonen fordi det nynorske skriftmålet har ei heilt anna historie og går inn i ein annan kontekst enn bokmålet. Berre ei skriftleg opplæring kan gjera det mogleg å koma på innsida av den nynorske skriftkulturen. Kulturell kommunikasjon og forståing er snakk om langt meir enn det å vera i stand til å kommunisera reint språkleg, noko td. næringslivet legg større og større vekt på. Opplæring i nynorsk utvidar det språklege registeret til bokmålselevar - det gjev dei kjennskap til og øving i nye ord, vendingar og formuleringsmåtar og aukar den språklege kjelda dei kan ausa av når dei skriv bokmål.

Vil avskaffa ein røynleg språkleg valfridom
Resultatet av "valfri" nynorskopplæring er i røynda at bokmålselevar aldri vil få nokon verkeleg sjanse til å læra seg nynorsk og byrja å bruka dette skriftmålet. For nynorskelevar er det annleis - dei har så mykje bokmål rundt seg at dei framleis vil ha ein røynleg valfridom sjølv om obligatorisk bokmålsopplæring vert avskaffa. For det språklege demokratiet som er bygt opp i Noreg gjennom hundre år, står det sentralt at ein både skal ha eit formelt og reelt høve til å læra seg det andre språket.


Står for ei gamaldags og einsrettande kulturtenking:
Byrådet nemner sjølv det rike språklege mangfaldet ein har fått i Oslo den siste generasjonen. Derimot nemner ikkje Byrådet den gamle norske språklege variasjonen og det heimlege kulturelle mangfaldet som har prega Oslo så lenge det har vore ein by, og som i dag kjem til syne ved at Oslo er ein av dei største nynorskkommunane i landet. Byrådet står for ei einsrettande tenking i ei tid der det vert sett meir og meir pris på språkleg og kulturelt mangfald.

Kuttar banda mellom Oslo og resten av landet:
Framlegget vil kutta dei språklege banda mellom Oslo og resten av landet og gjera Oslo til ei språkleg bokmålsøy i Noreg. For Oslo som hovudstad er dette dramatisk. Alle sentrale statsinstitusjonar ligg i Oslo, og dei rekrutterer hovudsakleg medarbeidarar frå Oslo som ikkje vil ha hatt nærkontakt med ein av dei to norske skriftkulturane dersom framlegget til Byrådet går gjennom. Framlegget vil melda Oslo språkleg og kulturelt ut av Noreg, og den einaste konsekvensen må bli at Oslo blir fråteke hovudstadsfunksjonen.

Kampanje mot nynorsk - ikkje for ei betre norskopplæring

Dersom Byrådet verkeleg ville ha teke eit skikkeleg lyft for skulen generelt, og norskfaget spesielt, skulle ein tru at dei la fram ein grundig rapport som dokumenterer korleis dagens undervisning ikkje gjev elevane den kunnskapen dei har krav på. Den interne sidemålsstrategien til Oslo Unge Høyre seier mykje klårare enn nokon gong at det er nynorsken dei vil til livs. Seinast våren 2000 hadde Unge Høgre ein kampanje med slagordet «La dem raute nynorsk - bare vi slipper». Framstøyten frå Byrådet er ingenting anna enn eit framhald av denne kampanjen:

Saka står i internnettbladet til OUH, sjå http://oslo.unge.hoyre.no/uert/artikler/nynorsk.htm. Her skriv Oslo Unge Høyre under tittelen «Sidemålstilen - kan vi noen gang bli kvitt den» at

- Spørsmålet er altså — hva må til for at politikerne går med på å gjøre sidemålsstilen valgfri, for
dermed engang for alle sette sluttstrek for nynorskstrevet i skolen?
- Her er med andre ord alt å vinne for populistisk tenkende politikere, og svært lite å tape.
- Man må nok også finne en bedre argumentasjon enn at "nynorsk er så dødskjedelig".
- Det er godt håp om å bli kvitt den tvungne sidemålsstil.


Kjelder:
- Byrådssak 205/00 Sidemål i videregående opplæring, Oslo kommune, Byrådet7. august 2000
- ALEKS, Alternativ eksamensutvikling i sidemål, Rune Solem, Trondheim 1996 Senter for
etterutdanning Allforsk
- «Sidemålsstilen — kan vi noengang bli kvitt den», Uten en rød tråd, Oslo Unge Høyres
medlemsavis
- leiarteig i Aftenposten Aften 17. august 2000

Kontaktpersonar:
· leiar Oddmund Løkensgard Hoel, Noregs Mållag, 970 21 194, oddmund.hoel@nm.no
· skulemålsskrivar Ingar Arnøy, Noregs Mållag, 22 47 71 00, ingar.arnoy@nm.no
· leiar Astrid Dypvik, Norsk Målungdom, 22 42 63 00, astrid.dypvik@nynorsk.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no