Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskhets frå byrådet i Oslo

 (17.08.2000)

Med eit seks siders notat blotta for fagleg dokumentasjon og grunngjeving ønskjer høgrebyråd Bård Folke Fredriksen å fjerne nynorsken frå vidaregåande skule i Oslo.

- Vi reknar med at SV og Ap kjem til å gå imot dette framlegget om å ta vekk sidemålet. Det er mykje dårleg sidemålsundervisning i skulen, og difor vonar vi at SV og Ap blir med på ei styrking av heile norskopplæringa, mellom anna til vidareutdanning av lærarar, seier Astrid Dypvik og Oddmund Hoel.

Det finst ikkje faglege argument som dokumenterer at sidemålsundervisninga gjer elevane dårlegare i hovudmålet. Dessutan er elevane i vidaregåande skule i Oslo er ein del av ein nasjonal arbeids- og utdanningsmarknad, og vil stå svakare i konkurransen på båe desse marknadane utan sidemål.

- Utspelet frå byråden i Oslo er ein del av ein kampanje for å fjerne nynorsken som offisielt skriftspråk i Noreg, seier Oddmund Hoel, som syner til at det politiske miljøet som Bård Folke Fredriksen kjem frå klart ha gått ut å sagt at dei ønskjer å fjerne nynorsken.

På heimesidene til Oslo Unge Høyre kan ein mellom anna lese "Det er bare den lille velgergruppen målstrevere, som høyden utgjør 10 % av velgerne, som ville protestere mot at nynorsktvangen forsvinner. Her er med andre ord alt å vinne for populistisk tenkende politikere, og svært lite å tape."

- Oslo feirar 1000-årsjubileet ved å syne fram det språklege og kulturelle mangfaldet i hovudstaden. I iveren for å syne fram dette gløymer Oslo-politikarane at det norske språket med nynorsk, bokmål og dialektane er ein del av dette mangfaldet, seier Oddmund Hoel og Astrid Dypvik.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom reknar det som sjølvsagt at Kyrkje- forsknings- og
utdanningsdepartementet avviser framlegget frå byråden, seier Oddmund Hoel og Astrid Dypvik.


For fleire kommentarar:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag: 970 21 194
Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom: 928 48 360

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no