Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i Oslo, kva er problemet ?

 (16.08.2000)

Byråd for kultur og utdanning i Oslo, Bård Folke Fredriksen, treng å markera seg som ein handlekraftig skulepolitikar. Når han ikkje kan syta for auka løyvingar for å stilna kritikken frå lærarar, elevar og foreldre, syner han handlekrafta si gjennom å gå til åtak på nynorsken si stilling i norskfaget, skriv Astrid Dypvik, leiar i Norsk Målungdom. Innlegget har tidlegare stått på trykk i Klassekampen.

I VG 6. august fortel han at han vil ha ei forsøksordning der sidemål vert gjort valfritt for elevar i den vidaregåande skulen i Oslo i ein treårsperiode. Det er lite med denne forsøksordninga som liknar eit forsøk, anna enn namnet. Byrådet ynskjer ikkje eingong å ha ei kontrollgruppe som framleis lærer sidemål for å samanlikna resultata. Elevorganisasjonen var tidleg ute med å stempla dette som eit populistisk utspel, og der trur eg dei traff spikaren på hovudet. Oslo Unge Høgre (OUH) ser ut til å tenkja det same. I internavisa til OUH, "Utan ein raud tråd" kan ein lesa "Det er bare den lille velgergruppen målstrevere, som høyden utgjør 10 % av velgerne, som ville protestere mot at nynorsktvangen forsvinner. Her er med andre ord alt å vinne for populistisk tenkende politikere, og svært lite å tape." Det er kan henda spesielt mykje å vinna for politikarar som av opplagte grunnar bør trekkja merksemda vekk frå andre delar av skulepolitikken sin.

Syltynn fagleg grunngjeving
Byråden argumenterer med at lese- og skrivekunnskapane til norske skuleelevar er vortne so dårlege. I fylgje ei undersøking gjort av instituttet for lese- og skriveforsking slit mellom 15-20 % med å lesa å skriva skikkeleg. Oslobyrådet sin medisin er å fjerna sidemålet frå norskfaget. Eg meiner me må sjå at dette som eit språkpolitisk standpunkt, ikkje eit norskfagleg. Byrådsleiaren Fritz Huitfeldt har gjort sitt standpunkt klårt . I "Ordet" 4/99 uttala han at "Skriftlig sidemålseksamen er kunstig for Oslofolk". Om byrådsleiaren faktisk meiner dette, tykkjer eg det er feigt at han ikkje trekkjer opp dette ordskiftet, men klyngar seg til ei meir enn syltynn fagleg grunngjeving.

Det norskfaglege kjerneargumentet til Folke Fredriksen er at undervisinga i nynorsk sidemål øydelegg hovudmålskarakteren til hovudstadsungdomen. For å forklåra dette syner dei syner til ein påstand frå språkprofessor Finn Erik Vinje om at 30-50 % av undervisingstida i norsk i Osloskulen(?!) vert nytta til sidemål. Professoren har aldri greidd å dokumentera denne påstanden, og det er vel heller ikkje mogleg.

Me må sjå at sidemålsopplæringa har potensiale til å gje elevane større språkkunnskap. Det er ingenting som tyder på at ein vert dårlegare i eit språk av å læra eit anna. Kunnskap i eit språk aukar evna til å læra språk.
Willy Dahl som er professor ved UiB gjorde ei undersøking mellom gymnasiastar i Bergen der han fekk bokmålselevar til å skriva nynorsk som hovudmål i eit år. Då året var over var elevane flinkare både i nynorsk og i bokmål.
Karakterstatistikken talar ogso mot Folke Fredriksen sine teoriar. Statistikkane syner at elevar som har lært nynorsk hovudmål frå starten har betre karakter både i nynorsk og i bokmål enn elevar som har hatt bokmål som fyrstespråk. Nynorskelevane er dei som får minst tid til å konsentrera seg om hovudmålet sitt gjennom heile skulegongen. I skulekvardagen dominerer nynorsk, men utanfor, både i tv, radio, bøker og blad dominerer bokmålet. Desse elevane skulle ha vore dei mest språkforvirra av alle. Likevel får dei altso høgare karakterar.
Om byråden skulebyrådenfaktisk ynskjer å styrka skriftkuturen, tykkjer eg og det er merkeleg at han går til åtak på ein del av norskfaget der ein faltisk får lese og skrivetrening. Kanskje han heller burde sjå på reklameanalysen eller mediekunnskap?

Det er forska lite på korleis ein kan betra lese og skriveopplæringa, og styrka skriftkulturen. Høgrebyrådet sine teoriar, er gjennomsyra av deira ynskjer for norskfaget. Om dei er so uroa over stillinga til skriftkulturen i landet, burde dei heller gå inn for at det vart forska meir på korleis me kan styrka han, i staden for å bestemma seg på førehand for at nynorsk uansett er problemet.

Norskfaget som kulturfag
Det språkpolitiske spørsmålet i denne saka er det Fritz Huitfeldt kallar det "unaturlege" som ligg i at Osloelevar skal læra nynorsk. Sjølv tykkjer eg nynorsken bør ha ein sjølvsagt plass i norskfaget over heile landet. Norskfaget er ikkje eit fag der ein berre skal få basiskunnskap i lesing og skriving, slik ein lett kan få inntrykk av når ein høyrer på argumentasjonen til Folke Fredriksen. Norskfaget er eit kulturfag der elevane skal få kjennskap til norsk kultur. Difor lærer ein om store norske forfattarar, litteraturteori, og difor skal ein få kjennskap til dei to norske skriftkulturane.

Eg meiner nynorsken må ha ein stor plass i norskfaget, fordi nynorsken er det språket som i størst grad byggjer på dei norske språktradisjonene. Nynorsken er bygd på alle dei norske dialektane, medan bokmålet har utgangspunktet sitt i korleis den norske overklassen i starten av førre århundre uttala dansk. Nynorsken vart laga som eit nasjonalt og folkeleg alternativ til det danske språket som rådde i landet på 1800-talet. Sidemålsundervisinga er med på å syna fram dei sterke kulturkonfliktene me har hatt og framleis har i landet. Oslobyrådet tykkjer berre ei side av saka er viktig for oslofolk - bokmål. Ei anna sak er at nynorsken er eit jamstelt språk over heile landet, ogso i Oslo. Det er meir enn ein halv million menneske som har nynorsk som sitt fyrstespråk. Eg meiner nynorsken er ein so sentral del av norsk kultur at han ikkje kan gjerast valfri.

Styrt av fordommar
Ein annan grunn til at eg ikkje vil gjera sidemålet valfritt i Oslo er alle dei fordommane som Osloelevar (og andre elevar) har til nynorsk. Anten er nynorsk er for gamaldags, berre for dei som snakkar ein rar dialekt, eller so kan nynorsken berre nyttast av bønder. Oslo Unge Høgre synte fram sine fordommar i kampanjen sin mot sidemål tidleg i vår. Der nytta dei slagordet "la dem raute nynorsk, bare vi slipper". Illustrsjonen på flygebladet var ei ku som sleika seg kring kjeften.
Eg har og høyrd om at sidemålsundervising i Oslo vert sabotert av lærarar som nyttar timane til å fortelja om kor uviktig dei tykkjer nynorsken er, eller av elevar som ikkje vil læra. Oslobyrådet nører opp under desse haldningane med sine stadige utspel om at sidemålet er unyttig for Oslofolk. Desse harde og innarbeidde fordommane gjer at sidemålsopplæringa bør vera obligatorisk. Berre slik kan ein sikra at Osloelevar faktisk får ei innføring i den nynorske skriftkulturen. Eg vil ikkje at fordommane til Oslobyrådet, lærarar eller skuleelevar skal få styra det faglege eller kulturelle innhaldet i norskfaget.

Eg vonar iallefall at elevar, foreldre og lærarar gjennomskodar dette populistiske utspelet til byrådet som uansett ikkje vil resultera i anna enn eit dårlegare norskfagstilbod for Osloelevane. Sjølvsagt må noko gjerast for å betra lese og skriveevnene til norske skuleelevar, og sjølvsagt kan sidemålsundervisinga gjerast betre ved mange skular, men utspelet til skulebyråden trekkjer i heilt feil retning. Ei anna sak er at dette utspelet ikkje bør flytta merksemda vekk frå det som er det verkeleg store problemet i Osloskulen, pengemangelen.




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no