Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Allmenn røysterett frå 1. august

 (01.08.2000)

13.juni endra Stortinget opplæringslova slik at den allmenne røysteretten ved skulemålsrøystingar vart gjeninnførd. KUF-departementet slår fast i rundskriv at dei nye reglane trår i kraft frå 1. august.

Til dess ny forskrift ligg føre, skal ein sjå vekk frå den gamle forskrifta på dette området, der ho er i strid med det nye lovvedtak. Dette ynskte Stortinget då dei endra lovteksten i vår.
- Vi er glad for at departementet slår så eintydig fast at den nye lova byrjar frå 1. august, seier skulemålsskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy.

Oppheving av lærebokgodkjenning

I det same rundskrivet frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet går det fram at oppheving av lærebokgodkjenning trår i kraft frå 1. august. Frå no av vil det ikkje vere noka formell godkjenning av læremiddel. Derimot vert lærebøkene pålagt å følgje læreboknormalen og ordlister til bruk i skulen skal godkjennast av Norsk Språkråd.

Kvaliteten i lærebøkene vil i framtida i første rekkje sikrast gjennom samarbeid mellom forlag og forfattarar, og ved at forlaga brukar ressursar på å tilfredstille krav om innhald, likestilling og språkleg kvalitet, heiter det i rundskrivet frå KUF-departementet.

Kravet om at lærebøker i andre fag enn norsk skal liggje føre på bokmål og nynorsk til same tid og pris før dei kan brukast i skulen, vert ført vidare.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no