Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Berg kulturbåten!

 (30.07.2000)



Kulturbåten Innvik er eit flytande kulturhus og ein samlingsplass for folk i distrikta som elles ikkje har slike tilbod. Kulturdepartementet har drege inn løyvingane til kulturbåten. Dette kan føre til at mange av desse områda vil stå utan teatertilbod. Landsmøte i Noregs Mållag meiner at dette ikkje er akseptabel kulturpolitikk.

Hovudføremålet for Den norske kulturbåten AS er å formidla kultur til heile kyst-Noreg, og i 1999 har båten hatt teaterframsyningar i Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal og Troms. Dei siste åra har fleire nye brukarar kome til over eit større geografisk område.

I dei siste åra har kulturlivet i distrikta fått trongare kår på grunn av lågare løyvingar frå sentrale styresmakter. Å ta vekk løyvingane til M/S Innvik vil vera eit ledd i ein sentraliseringspolitikk som gjer Noreg kulturelt fattigare. Det vil føra til at folk i distrikts-Noreg vil verta stengde ute frå ein sentral del av det offentlege kulturtilbodet. Dette er ei motsett utvikling av kva Noregs Mållag ynskjer.

Noregs Mållag meiner det er eit viktig mål at alle i Noreg skal ha likt tilgjenge til eit offentleg kulturtilbod. Kulturbåten Innvik er ein sers viktig kulturformidlar. Difor oppmodar NM kulturminister Ellen Horn om å syta for at det vert løyvd pengar til å halda oppe kulturbåten Innvik.

Vedtatt av eit samrøystes landsmøte i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar: 97 02 11 62
Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe, informasjonsansvarleg: 95 21 50 62



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no