Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Noreg treng Bokbussen

 (30.07.2000)

- Det er ei offentleg oppgåve å sikra alle retten til å låna bøker. Å redusera bibliotektilbodet vil innsnevra demokratiet. Difor lyt kulturdepartementet løyva pengar slik at Noreg ikkje misser bokbussen, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Bokbussen er bibliotektilbodet dei stadene i Noreg der det ikkje finst faste bibliotek, og tenesta finst i alle fylka. Kulturdepartementet har no gått inn for å ta vekk løyvingane til denne viktige tenesta. Å ta vekk bokbussen vil serleg råka dei som har mindre høve til å reisa; barn, ungdom, eldre og sjuke.

Noreg ynskjer å vera ein kunnskapsnasjon. Dette vert lagt vekt på både i læreplanar og i det offentlege ordskiftet. Biblioteka er ein viktig reiskap for å gjera fag- og skjønlitteratur tilgjengeleg for folk flest og dermed gje folk høve til auka kunnskapsnivå og leseevne. Dei gjev òg alle høve til å oppleva litteratur og gjennom det verta kjende med både norsk kulturarv og verdslitteraturen.

- Retten til kunnskap må vera lik i heile landet. Bokbussen er med og tryggjer denne retten, meiner Hoel

For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar: 97 02 11 94
Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe, informasjonsansvarleg: 95 21 50 37




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no