Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vi krev betre norsklærarar!

 (30.07.2000)

Landsmøte i Noregs Mållag meiner at norskfaget i allmennlærarutdanninga må utvidast til obligatoriske 20 vekttal. Norskfaget i førskulelærarutdanninga må utvidast til 10 vekttal. I dag går mange førskulelærarar over til småsteget utan noko kvalifisert norskutdanning.

- Studentane kjem til lærarutdanninga med for lite kunnskap om nynorsk, og utdanninga har til no ikkje greidd å møta dette problemet, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.
I ein slik situasjon er det mange taparar; elevane, skulesystemet og den norske skriftkulturen.

- Krisa i lærarutdanninga har lenge vore kjent. Ei dårleg nynorsk-undervisning i grunn- og vidaregåande skule over fleire år gjer at krisa i særleg grad rammar nynorsken, seier Hoel.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at respekten for norskfaget må atterreisast, lærarutdanninga må sikra at studentane meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk. Dersom elevane ikkje får god nok undervisning i grunnskulen, kan det vera vanskeleg å ta dette att i seinare skuleslag.

- Ein kulturnasjon kan aldri sjå bort frå at elevane har ein klar rett til dugande morsmålslærarar, seier Hoel.

For meir informasjon kontakt:
Oddmund Hoel, leiar: 97 02 11 94
Grete Riise, dagleg leiar/Hege Lothe, informasjonsansvarleg: 95 21 50 62

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no