Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olga Meyer og Torolv Hesthamar er nye heidersmedlemer i Noregs Mållag

 (29.07.2000)

Under landsmøtemiddagen i Noregs Mållag 29.07.2000 vart Olga Meyer og Torolv Hesthamar utnemde til nye heidersmedlemar i Noregs Mållag.

Dette er grunngjevinga frå styret:

Det er ei stor glede for styret i Noregs Mållag å fortelje landsmøtet at vi har utnemnt to nye heidersmedlemer. Dei er båe representantar for ein generasjon målfolk som kvar på sitt vis har vore avgjerande for styrkinga og bruken av nynorsk. Gjennom kjærleik til målet og hug for målreisinga har dei brukt livet sitt for nynorsken.

Dei to nye heidersmedlemene er Olga Meyer og Torolv Hesthamar.

Olga Meyer er ei dame vi alle kjenner. I over 30 år har Olga gjort røysta si kjend for heile folket i radioen. Olga har gjeve nynorsken eit andlet, og ei røyst! Etter nokre år som lærar, fyrst i Oslo og deretter i heimbygda tok ho til i Kringkastinga i 1969. Ho har òg vore salongjente i norsk utanriksfart! I radioen har Olga vore med i redaksjonen for programma ”Kvardagen”, ”Forbrukaren har ordet”, ”På direkten”, ”Sånn er livet” og ”Sølvsuper”. Sidan 1995 har ho vore fast gjest i Nitimen med dyrehistorier sende inn frå lyttarar frå heile landet. Desse sogene har ho òg vore med og redigert i fleire dyrebøker som er svært populære.

Olga har vore med i mållaget så lenge nokon kan hugse. Og støtt har ho takka ja til å ta eit tak, anten det har vore med styreverv eller praktiske arbeidsoppgåver. Olga har site i Arbeidsutvalet i Noregs Mållag og leiar for Vikværingen. Ho har òg vore med i styret for Dag & Tid og vore leiar for ”Venner av Det Norske Teatret”. Det er likevel innsatsen i Mediemållaget Olga mest vil bli hugsa for. Ho var med på å dra i gang laget og var leiar i ei årrekkje, og som om ikkje det var nok, har ho no på nytt gått inn i styret for laget.

Olga har motteke Kringkastingsprisen i 1981 og er heidersmedlem i Fana Mållag.

Olga er oppteken av mange saker og samfunnsspørsmål, ikkje berre målsaka. Gjennom radioprogramma har ho teke opp viktige samfunnsspørsmål med stor iver og eit sterkt engasjement. Sosial urettferd og mistilhøve har støtt vore saker som Olga har presentert på ein god og kunnskapsrik måte. Vi kan trygt seie at Olga både er eit barn av og sjølv har vore ein grunnstein i den folkeopplysninga NRK var og skulle vere.

Det er uråd å ikkje like og ikkje bli glad i Olga Meyer. Med sitt vinnande vesen og si varme røyst har ho gjeve nynorsken eit andlet og ei røyst som fortener den største ros.


Torolv Hesthamar har gjennom eit langt liv i politikken og i organisasjonar vore ei svært viktig drivkraft for målreisinga særleg i Hardanger og Hordaland.

Torolv har alltid vore samfunnsengasjert. Som ordførar i Ullensvang i 16 år er Torolv ein institusjon i Hardanger. Attåt desse 16 åra som ordførar, har han òg 8 år som medlem i heradstyret. Han har òg vore styremedlem i Kommunenes Sentralforbund.

Målsaka har alltid vore hjartesaka åt Torolv. Torolv var sentral i arbeidet med å organisera målarbeidet i kommunane ved å skipa Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Som medlem, styremedlem og leiar i Ullensvang Mållag har Torolv lagt ned eit stort arbeid med mellom anna store kulturelle tilskipingar og bokutgjevingar. Mållaget har gjeve ut namnebøker, diktsamlingar, songbøker med meir. Han er ein føregangsmann når det gjeld lokalt samarbeid mellom mållaget og andre lag. Og ikkje minst står Torolv fram som ein av storvervarane i Noregs Mållag. I hans leiarperiode i Ullensvang mållag har laget pusta Voss Mållag i nakken som det største etter BUL i Oslo.

Torolv har òg vore engasjert av Hordaland Mållag for å få opp att sovande lag i dei andre kommunane i Indre Hardanger. Då Torolv tok over som leiar i 1994

Ullensvang Mållag er i dag eit mønsterlag for andre.

Nett som Olga Meyer brenn Torolv for mange kultursaker. Torolv har vore styremedlem i Hardanger Folkemuseum. Torolv er veldig interessert i biletkunst og skulptur og han har vore styremedlem i Ullensvang Kunstlag.

Sjølvsagt må ein samfunnsinteressert og dugande organisasjonsmann verte rekruttert til ei rad tillitsverv. Torolv har vore leiar i Ullensvang Skogreisingsnemnd, styremedlem i Ullensvang Skogråd, styremedlem i Sparebanken Hardanger i 12 år, og han er skjønsmann.

Arbeidet til Torolv har vorte lagt merke til over alt der han har vore. Så har Torolv òg motteke Kongens fortenestemedalje i gull. Han har òg motteke Heidersteikn frå Kommunenes Sentralforbund.

Attåt den veldige røynsla og dyktige evna til å leie og samle folk til å arbeide i lag, same kva sak det måtte vere, er Torolv kjend som ein mykje brukt kjøkemeister og talar i festlege samanhengar.

I eit styrereferat frå Ullensvang Mållag for ei stutt tid sidan stod det om eit lesarinnlegg som fleire Hordalandsordførarar hadde sendt til lokalavisene. I styrereferatat kom det fram at lesarbrevet var skrive på bokmål og at styret ikkje tykte serleg om dette. Reaksjonen frå styret var: ”Munnleg melding same dag”. Vi tek det for gjeve at den posisjonen Torolv har i Hardanger og langt utanfor Hardanger førte til at dei nemnde ordførarane forstod innhaldet i den ”munnlege meldinga”.

Denne vesle soga fortel oss mykje om målmannen Torolv. Det fremste kjenneteiknet på Torolv er nett at han får ting gjort! Og det skjer fort!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no