NLS saboterer læremiddel til innvandrarar
(29.07.2000)
Kirke- utdannings- og forskningsdepartementet har løyvt 500 000 kroner til omsetjing av læremiddel for innvandrarar utan at Nasjonalt læremiddelsenter har sett i gang arbeidet. Noregs Mållag meiner at Nasjonalt læremiddelsenter har sabotert dette arbeidet.
Landsmøtet i Noregs Mållag krev at styresmaktene straks sikrar nynorske læremiddel til norskopplæring av framandspråklege i Noreg.
- Mange innvandrarar vert utestengde frå delar av norsk språk. Skular og institusjonar tilbyr berre bokmålsopplæring fordi dei manglar læremiddel på nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.
Framandspråklege vert diskvalifiserte til arbeid som krev at dei meistrar begge skriftspråka. Dei lærer ikkje å bruke eller forstå og dermed godta den store dialektvariasjonen i Noreg.
Foreldre og born i nynorskområde lærer ulike norske språk. Borna får opplæring i nynorsk, foreldra i bokmål.
Ei god opplæring i norsk er den beste garantien for å nå målet om fredeleg sameksistens i eit fleirkulturelt Noreg. Noreg er ein tospåkleg stat, og nordmenn er eit tospråkleg folk.
- Å nekte innvandrarar å lære seg nynorsk er det same som å hindre dei i å verte likeverdige nordmenn, påpeikar Hoel.
For meir informasjon: Oddmund Hoel, leiar: 97 02 11 94 Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe, informasjonsansvarleg: 95 21 50 62
Pressetelefon på landsmøtet: 55 54 31 37
|
|