Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Vil skape ein nynorsk urbanitet

 (29.07.2000)

- Dei sjølverklærte urbanistane går rundt med ein bymur i hjernen. Den største skilnaden mellom by og land går i dag ikkje på det fysiske planet, men på det mentale, sa Hans Ebbing til landsmøtet i Noregs Mållag.

- Mållaget må ta opp kampen om å prege bykulturen. Bykulturen er i prinsippet like open som andre kulturar. Meir enn å moralisere over og late oss bli definerte av den såkalla urbanismen, bør vi vere med på å skape ein bykultur tufta på heimlege erfaringar og språk, seier Hoel.

I staden for å sjå på byane som ein ny marknad for nynorsken, har vi tidlegare oppfatta byen som ein motstandar.

Hans Ebbing var oppteken av at bydyret ikkje er mindre enn bygdedyret. Det beste ville kan hende vere å forkaste urbanitets-omgrepet og heller konsentrere oss om sjølve saka – byen som eit konsentrat av motsetnader – sosiale, økonomiske, politiske, kulturelle og språklege.

Ikkje minst når dei store byane også blir samlestader for ei fleirkulturell utvikling, er det viktig å kjenne motsetnadene i byane for ikkje å bli eit offer for dei, sa Ebbing, og oppmoda Noregs Mållag til å rive ned alle mentale bymurar og opne seg for livet i byen.

For meir informasjon:
Hans Ebbing, 97 59 30 61
Oddmund Hoel, leiar, 97 02 11 94
Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe, informasjonskonsulent: 95 21 50 62
Pressetelefon på landsmøte: 55 54 31 37

<a href="http://www.nm.no/arbeidsprogram.cfm/8469/27820">Heile landsmøtetala av Hans Ebbing</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no