Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noreg treng ei språkleg maktutgreiing

 (28.07.2000)

- Noreg treng ei språkleg maktutgreiing som analyserer språkbruk og språklege makttilhøve i heile det norske samfunnet, seier leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel.

Det er ikkje slik at språket utviklar seg uavhengig av makttilhøve og samfunnsstrukturar. Alt språk utviklar seg og alle samfunn påverkar språkutviklinga.

- Det må vera ei utgreiing som både går inn på tilhøvet mellom nynorsk og bokmål,
dialektbruken, presset frå engelsk og vilkår for gamle og nye minoritetsmål, og som ser Noreg i internasjonalt ljos opp mot dei store samfunnsendringane som er på gang, seier Oddmund Hoel. Det må vera ei utgreiing som ser på den aukande private språkmakta, og framfor alt må ho formulera ein politikk for å ta vare på heile det norske språkmangfaldet.

- Vi bed Ellen Horn ta i mot denne utfordringa og blir gjerne med i dette arbeidet, seier Hoel.


For meir informasjon:
Oddmund Hoel, leiar 92 07 11 94
Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe, informasjonsansvarleg 95 21 50 62



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no