Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Kjøp ei aksje i Telenor

 (28.07.2000)

- Nynorskfolk vert oppmoda om å kjøpa ein aksje kvar i Telenor og møta opp på generalforsamlingane for å sikra at Telenor òg vert eit selskap for nynorskfolk, seier Oddmund Hoel.

I september skal Telenor børsnoterast og delprivatiserast, og gjennom ein relativt dyr kampanje kjem det norske folket til å bli bede om å sikra seg sin del av arvesylvet. Han la til at Tormod Hermansen vart teken opp som medlem i Ølve Mållag i vår, så mållaget skulle ha gode allierte.

Kulturdepartementet har sett ned ei gruppe som vurderer utviding av verkeområdet for mållova og vil levera tilrådinga si til hausten.
- Me har to klåre krav til utvalet, regjeringa og Stortinget: Det må knytast sanksjonar til mållova slik at det ikkje lenger er kostnadsfritt å bryta henne, og verkeområdet for lova må utvidast. Det må ikkje lenger vera det minste tvil om at ho femner om alle statleg eigde føretak, også der det er snakk om delprivatiserte aksjeselskap som Telenor snart vil vera, sa Oddmund Hoel.

Ei rad av dei gamle serviceetatane og forvaltningsbedriftene som har lege under mållova, vert privatiserte eller byrjar å te seg som om dei var det – målet er ikkje lenger å yta tenester til folket, men å produsera tenester for marknaden, som jamt vert kalla ”publikum” for å streka under at det er på sidelina me høyrer heime.

Postbanken vart aksjeselskap i fjor, fusjonerte med DnB og gjorde det klårt at dei ikkje lenger ville fylgja mållova sjølv om DnB òg er statseigd. Posten og NSB har prøvd å melda seg ut av mållova på eiga hand, rett nok utan formelt, men med stort reelt hell, dette kan ikkje Kulturdepartementet lenger sitje å sjå på.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no