Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Åse Marie Nesse har fått Nynorsk litteraturpris.

 (28.07.2000)



Grunngjevinga frå juryen er:

Åse Marie Nesse har sidan debuten i 1970 stått fram som ein folkekjær lyrikar med røter på Jæren, i Mexico og i verdslitteraturen. Hennes Dikt i samling (1999) viser ein langvarig og mangeslungen lyrisk forfattarskap, spennande frå sentrallyrikk til høvesdikt, ofte boren av eit glødande sosialt engasjement og sterk evne til empati. Nesses lyrikk insisterer på klassiske estetiske ideal om det vakre, og samtidig er den vendt mot noen av dei sterkaste og mest dissonantiske stemmane innanfor vår tids modernistiske dikting.

Eitt av dei mest markante innslaga i Åse Marie Nesses dikting er ein krans av lyriske portrett over forfattarar som står henne nær, og som på ulike vis har inspirert henne. Fleire av desse har ho også levert glimrande gjendiktingar av. hennes største bragd som omsetjar er likevel den strålande gjendiktinga av Goethes Faust (1993, 1999) som for første gong har gitt dette sentrale verket i verdslitteraturen ei lesleg nynorsk språkdrakt. Saman med hennes gjendikting av fleire Goethes lyriske dikti Mitt hjarte slo, 1999 er denne Faust-utgåva ikkje berre ei verdig feiring av Goethe i jubileumsåret, men også av nynorsk språk, som med dette har vorte utvida til å omfatte enda eit verk av verdas store kulturskattar.

Det er med stor glede juryen, i eit år med fleire verdige kandidatar, gir Åse Marie Nesse Nynorsk Litteraturpris for 1999.

Juryen for Nynorsk litteraturpris:
Gunnar Foss
Sylvie Penne
Svein Erik Brodal

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no