Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dag Helleve har fått Nynorsk Barnelitteraturpris

 (28.07.2000)



Grunngjevinga frå juryen er:

Mingus er talblind. Dette, kombinert med ein mattelærar som går under tilnamnet Saddam, er hovudårsaka til at han ikkje trivst på skolen. Han får vondt i magen når han skal dit. Fristaden hans i kvardagen er butikken hjå den litt mystiske, men vennlege tobakkhandlaren ”Kubanaren”. Ein dag Mingus skal kjøpe ei tamagotchi-dataleike, gjev Kubanaren han i staden ei puppe, ei ekte lita åme i ein sigarboks. Det rare med denne åma er at ho livnærar seg på tal, og di meir ho får ete, di meir veks ho. Til slutt blir ho eit alligatorliknande monster, umetteleg på tal. Og når folk tek til å sakne tal i bøkene og på setlar, får det snart konsekvensar.

I denne boka møter vi eit barn som har problem med å takle skolekvardagen, og som i mange andre bøker, tek forfattaren den fantastiske dimensjonen i bruk for å stille kvardagsproblematikk i eit kontrasterande lys. Spesielt for denne boka, meiner juryen, er forfattaren si handsaming av plot, tematikk, språk og stil.

Forteljinga er absurd, spennande og spekka med humor. Ho vert fortalt med driv, og har heilt sikkert ”appell til dei leseuvillige gutane”, som det står på vaskesetelen.

Tematikken krinsar kring skoleproblemet til Mingus, men utan moralistiske undertone eller forsøk på lettvinte løysingar. Om det kjem til å gå betre med Mingus og tala han strir med, får vi ikkje vite. det som skjer, er at Mingus, tilsynelatande på grunn av vennskapen med den ustyrlege alligatoren, veks mentalt. Det er guten sitt oppvakande medvit om seg sjølv og omgjevnadene som er tema. Alligatoren si verksemd i grenseland mellom fantasi og røyndom blir eit symbol som peikar i fleire retningar i historia. Mingus tek opp kampen mot mobbarane på skolen og kjensla av hjelpeløyse som han ber på. Og i løpet av boka forstår han at mattelæraren er latterleg, Han forstår meir om forholdet til foreldra, han blir rett og slett eit klokare menneske. Dette vert ikkje fortalt, forfattaren viser det gjennom handlinga.

Forteljarstilen er knapp og krev ein viss grad av tolking, innleving og meddikting. Historia er spekka med intertekst som i mange høve kanskje berre vaksne forstår, men som også er viktig som spenningsskapande og lyfter teksten ut over det alminnelege.

Boka tek barnet på alvor. Her er ikkje noko forsøk på det den danske litteraturforskaren Torben Weinreich kaller formidling ”skråt nedad”. Boka er leseleg, spennande, kompleks i tematikkhandsaminga og open i bodskapen. Etter juryen si meining utmerkar boka seg på fleire måtar, og det er å vona at ei prisutdeling kan bidra til at ho når mange lesarar.

Juryen for Nynorsk Barnelitteraturpris:
Elisabeth Aaker
Ingeborg Westerheim
Eivind Karlsson

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no