Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Arbeidarpartiet må også vere nynorskfolkets parti

 (27.07.2000)

Nynorskveljarane flyktar frå Arbeidarpartiet. Tal frå MMI syner at i siste halvdel av 80-åra røysta 27 prosent av nynorskfolket på Arbeiderpartiet. Berre 16 prosent gjorde det same i siste halvdel av 90-talet.
- Det viktigaste Arbeiderpartiet kan gjere for å vinne att tilliten hjå nynorskfolk er å syte for reell språkleg jamstelling på IT-feltet, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Stortinget sa alt i 1993 at dataprogram burde liggje føre i både nynorsk og bokmålsversjon før dei kunne kjøpast inn av staten. Ikkje noko har skjedd sidan då.

Noregs Mållag krev no at Arbeiderparti-regjeringa raskt slår fast dette kravet i lover og reglar for offentlege innkjøp.

- Det er berre når staten brukar kundemakta si på denne måten at ein kan få fart på produksjonen av nynorske dataprogram, framhevar Oddmund Hoel.

Kravet om nynorsk programvare er ei av sakene som målfolket er opptekne av når Noregs Mållag held landsmøte i Bergen i helga. I tillegg vil mållaget debattere urbanitet og målsak, der ordskiftet om å prege bykulturen vil stå sentralt.



For fleire kommentarar:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag: 97 02 11 94
Grete Riise, dagleg leiar og Hege Lothe: 95 21 50 37

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no