Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Bergen

 (25.07.2000)

Noregs Mållag har landsmøte frå fredag 28. til søndag 30. juli i Bergen. Landsmøte skal mellom anna diskutere urbanitet og målsak, oppretting av eit regionalt målkontor i Bergen og EU-spørsmålet.

Fredag 28. juli samlast om lag 200 delegatar seg frå heile landet til landsmøte i Bergen.

- Noregs Mållag har opplevd ein markert framgang siste året. Den viktigaste framgangen har kome innanfor informasjonsteknologien, ikkje så mykje i dei konkrete resultata, men fordi ein har gjort eit større arbeid for å gjera nynorsk til dataspråk, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

På landsmøte til helga kan Noregs Mållag sjå tilbake på eit aktivt år. Sjølv om det på riksplan kan sjå ut til at det er målfred i landet, er det ein levande målstrid på lokalplanet. Siste året har det vore heile 17 røystingar om skulemål. I tillegg har det vore uro kring parallellklassar både i nynorsk- og bokmålsområde. Sidemålsordskifte rasar mange stader, og nynorsk i næringsliv, kyrkje og styringsverk vert diskutert.

- Dette syner at det slett ikkje er språkfred i Noreg. Men vi har ei stor utfordring i å skape målstrid i riksmedia, seier Oddmund Hoel. Noregs Mållag har sett saman ei gruppe med forskarar som skal drive fram prosjektet Målreising 2005. Denne prosjektet kjem opp i full breidd på landsmøtet neste år.

Landsmøtet til Noregs Mållag er den viktigaste målpolitiske samlinga i Noreg. Landsmøtet vil bli nytta til å debattere styrking av organisasjonen ved mellom anna å opprette eit regionalt målkontor i Bergen. Hovudtalaren på landsmøtet er Hans Ebbing, som vil snakke ut frå temaet ”Urbanitet og målreising”.

Valnemnda har lagt fram eit samrøystes framlegg til nytt styre i Noregs Mållag.
Leiar: Oddmund Hoel (attval)
Nestleiar: Oddny Ueland (attval)
Håvard Teigen (ikkje på val), Ingeborg Mjør (ikkje på val), Steinulf Tungesvik (ny) og Rutt Trøite Lorentzen (ny). Vald av Norsk Målungdom: Hilde Havro.
1. vara: Hege Myklebust, 2. vara: Øyvind Thomassen, 3. vara: Jakob Bjerkem og 4. vara: Trond Trosterud.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no