Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skulesamanslåing gjev skulemålsrøysting

 (27.05.2000)

Den førre grunnskulelova slo fast at dersom skular med ulikt opplæringsmål som vart slegne saman skulle det gjennomførast røysting om skulemålet. Departementet har kome fram til at jamvel om den nye lova ikkje eksplisitt nemner dette skal det haldast rådgjevande røysting.

Den tidlegare grunnskolelova hadde ein paragraf som slo fast at dersom skular med ulikt opplæringsmål vart ihopslegne skulle det lysast ut røysting om skulemålet.
Opplæringslova som byrja verke 1. august 1999 har ingenting om skulesamanslåing. Likefullt nemner opplæringslova skifte av hovudmål (§2-5 siste leddet): «I samband med skifte av hovudmål...skal det haldast rådgivande røysting...».

Steinkjer kommune har vedteke å leggje ned Lysheim og Rygg skular. Båe skulane er nynorskskular og elevane vert overførde til tri bokmålsskular, men kommunen ville ikkje lyse ut røysting av di opplæringslova ikkje krev dette.

Noregs Mållag kontakta KUF for å høyre kva dei meinte om saka: Skal ikkje folk ha høve til å påverke kva som vert opplæringsmålet ved ihopslåing av skular med ulikt opplæringsmål? Departementet har kome fram til at jamvel om opplæringslova ikkje eksplisitt nemner samaslåing av skular skal det haldast rådgjevande røysting i samband «med ei skolenedlegging som fører til at elevar blir overførte til ein skole som i utgangspunktet nytar eit anna hovudmål.

Steinkjer kommune måtte etter dette lyse ut røysting ved alle dei tre skulane der nynorskelevane frå Lysheim og Rygg vert overførde til.

Desse røystingane blir haldne 5. juni og det gjeld skulekrinsane Skarpnes, Mære og Flekstad.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no