Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stortinget må sikre elevar nynorske dataprogram

 (22.05.2000)

- Utdanningsdepartementet saboterer stortingsvedtaket om jamstelling mellom bokmål og nynorsk, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Departementet har enno ikkje gjort noko for at jamstellinga mellom nynorsk og bokmål skal gjelde vanlege administrative dataprogram som blir brukte i skulen.

- I mai 1999 sa utdanningsministeren i Stortinget at departementet hadde sett ned ei arbeidsgruppe som skulle greie ut spørsmålet. Denne gruppa eksisterer framleis ikkje, seier Oddmund Hoel, som peikar på at departementet har ei lang rekkje med brot på lovnader bak seg i høve til arbeidet med jamstelling mellom nynorsk og bokmål.

- Vi set vår lit til at Stortinget igjen slår fast at alle læremiddel skal ligge føre til same tid og pris i båe målformer og at det hastar. Tida er inne for å digitalisere nynorsken, slår Oddmund Hoel fast. Stortinget har opplæringslova oppe til revisjon, og Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen skal kome med innstillinga 6. juni.

På kort tid har over 300 rektorar og 90 ordførarar skrive under på eit opprop der det blir kravd at den språklege jamstellinga òg skal gjelde vanlege dataprogram.

Då Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fastsette føresegner til opplæringslova i juni 1999, fekk vanlege dataprogram unntak frå parallellutgåvekravet. Det vil seia at dataprogram som er laga spesielt for bruk i skulen må kome både i nynorsk- og bokmålsversjon medan dei programma som er mest brukte, som vanlege skriveprogram, rekneprogram og nettlesarar, ikkje treng kome i nynorskversjon.


For meir informasjon:
Leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel, 97 02 11 94, oddmund.hoel@nm.no

Sjå òg <a href="http://www.nynorsk.no/nynorskdata/">Aksjon nynorsk data 2000</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no