Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellykka barnekulturkveld

 (16.05.2000)

Nidaros Mållag skipa til ein vellykka kulturkveld nyleg. Ingeborg Mjør kåserte over temaet "Frå Askeladden og Prøysen til Sabeltann og Pokemon".

Ingeborg Mjør ved Høgskolen i Stavanger var invitert til å kåsera om barnekultur, eit emne ho har drive forsking og undervising i dei seinare åra. Tittelen på den innhaldsrike og velkomponerte framføringa til Mjør var altså "Frå Askeladden og Prøysen til Sabeltann og Pokemon".

Ho drog opp liner i barnekulturutviklinga frå 1950-åra og framover. Med utgangspunkt i tre aktørgrupper på barnekulturområdet i kvart sitt hjørnepunkt av ein oppvekst-trekant - borna sjølve, dei "gode" oppdragarane (foreldre, pedagogar, aktivitetsleiarar og andre) og kommersielle interesser - fekk Mjør klårt fram utviklingstendensar gjennom om lag 50 år: Frå eit stort rom for sjølvaktivisering i tidlegare år har dei to andre gruppene kome sterkare inn i fritidstilveret til borna.

Kommersialiseringa av barnelivet har gripe om seg og synest sterkare i dag enn berre for ti år sidan. Standardisert og preglaus masseproduksjon frå Disney-konsernet og andre, retta mot born som kjøpegruppe, er meir massiv enn nokonsinne før.

Mjør trekte vekslar på røynsler frå eigen barndom, på eigne studentar si røyndomsforståing og på ny faglitteratur. Ho drøfta svært mange aspekt ved barnekulturen gjennom åra og formidla denne kunnskapen levande og poengtert.

Mot slutten av førelesinga kom ho inn på ideen om kulturbarnehage for dei yngste. Heller enn å fylla denne ideen med fagleg innhald og konkrete grep, heldt ho han fram som ei ramme for alternative pedagogiske vegar i kampen mot kommersialiseringa.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no