Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bruk opplæringslova til jamstelling!

 (12.05.2000)

Noregs Mållag er sterkt uroa over utviklinga for nynorsk skulemål det siste året, særleg når det gjeld målvalet i skulekrinsane (grunnskulen) og nynorsk programvare i skulen (alle skuleslag). Vi ser det difor som svært viktig at Stortinget nyttar dette høvet til å auke den språklege jamstellinga i skulen. Noregs Mållag har laga ei fråsegn til utdanningskomiteen i Stortinget.

Framlegg om endringar i opplæringslova
– val av opplæringsmål(§ 2-5) og godkjenning og parallellutgåver av læremiddel(§ 9-4)

Noregs Mållag viser til høyringsfråsegn til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 18. februar. Vi er sterkt uroa over utviklinga for nynorsk skulemål det siste året, særleg når det gjeld målvalet i skulekrinsane (grunnskulen) og nynorsk programvare i skulen (alle skuleslag). Vi ser det difor som svært viktig at Stortinget nyttar dette høvet til å auke den språklege jamstellinga i skulen.

Røysterett ved val av opplæringsmål
Trass i at Noregs Mållag ved fleire høve har peikt på dei uheldige verknadene av endringane i røysterettsreglane frå 1999, ser vi at departementet heller ikkje no gjer framlegg om å gå attende til allmenn røysterett i val av opplæringsmål slik det var i den tidlegare grunnskolelova.

Framlegg 1: Vi ber komiteen om å ta inn denne formuleringa i framlegget til lovtekst slik at § 2-5 lyder slik:

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgivande røysting i det området som soknar til skolen, jf. § 8-1. Røysteføre er foreldre til elevar ved den skolen dette vedkjem. Røysterett har alle som bur i krinsen og som har røysterett etter Vallova av 1. mars 1985 nr.3 § 11. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre / forsytar til born på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Grunngjeving:
Gjeldande paragraf om røysteretten, som Stortinget vedtok i 1998, vart vedteken under føresetnad av at ordninga ikkje skulle få negative konsekvensar (jamfør representanten Oppebøen Hansen (A) i ordskiftet). Det vart ikkje framført pedagogiske eller andre argument for å endre lova på dette punktet. Sidan 1. august 1999 har det kome 16 krav om røysting på nynorskskular, og det er heilt klart at lovendringa blir brukt medvite for å kaste ut nynorsk skulemål. I heile 1998 var det to røystingar. Situasjonen i 1999/2000 er med andre ord den same som i 1985, då Stortinget etter ein periode med foreldrerøysterett valde å gå attende til ålmenn røysterett. (Sjå vedlegg med oversyn over røystingar etter 1. august 1999).

Røysteretten for val av opplæringsmål ved skulen er ikkje ein individuell men kollektiv rett for det lokalsamfunnet skulen er ein del av, slik det og er for val av kyrkjemål og styringsmål for kommunen. Den nye opplæringslova avgrensar retten til å røyste til berre å gjelde foreldre til elevar ved skulen på røystetidspunktet og blir såleis i prinsippet ein individuell rett for foreldra på line med parallellklasseretten. Dagens lov isolerer skulen frå samfunnet ikring og definerer ikkje skulen som ein offentleg institusjon på line med t.d. kyrkja eller kommunen. Den allmenne røysteretten ved skulemålsrøystingar var ein del av lokaldemokratiet. Han har eksistert av di skulen nettopp har vore definert som ein institusjon i lokalsamfunnet, der innhaldet i skulen får fylgjer for så vel språkutviklinga som utviklinga generelt i lokalsamfunnet. Difor har alle med røysterett ved vanlege kommune-, fylkes- og stortingsval òg kunna røyste ved skulemålsrøystingar.

Godkjenningsordninga
Noregs Mållag registrerer at departementet held oppe framlegget om å avskaffe godkjenningsordninga. Vi er redde dette vil få negative fylgjer for kvaliteten på språket i lærebøkene allment og kvaliteten på dei nynorske lærebøkene særskilt. Vi ynskjer difor at lærebøker og læremiddel framleis skal vere underlagde ei språkleg godkjenning av Norsk språkråd.

Framlegg 2: Dersom Stortinget likevel vel å avskaffe heile godkjenningsordninga, òg den språklege, ber vi om at framlegget til § 9-4, andre ledd, blir endra på desse punkta (våre tillegg er understreka og strykingar gjennomstreka):
Norske læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste. Med læremiddel er her meint trykte og ikkje-trykte læremiddel som er laga særskilt for bruk i skulen dekkjer vesentlege delar av måla og hovudmomenta for eit fag etter læreplanen for vedkommande klassetrinn eller kurs, eller og som elevane regelmessig skal bruke.

Grunngjeving:
a.Trykte og ikkje-trykte læremiddel: kravet bør ikkje avgrensast til å gjelde einast dei tradisjonelle trykte lærebøkene. Elektroniske læremiddel og andre læremiddel som ligg utanfor det tradisjonelle lærebokomgrepet vil fylle ein stadig større del av undervisninga, og det er ingen grunn til at denne typen læremiddel ikkje skal vere underlagde kravet om å rette seg etter læreboknormalen.
b.Er laga særskilt for bruk i skulen: Denne formuleringa femner vidare enn definisjonen i det opphavlege framlegget. Vi ser det som viktig at t.d. undervisningsopplegg som vert laga av bedrifter, organisasjonar o.l. òg fylgjer læreboknormalen sjølv om dei ikkje kan seiast å dekkja ”vesentlege delar av måla og hovudmomenta for eit fag etter læreplanen”.
c.Og/eller i siste line: Det er viktig at læremiddeldefinisjonen òg fangar opp dei læremidla som vert brukte regelmessig i skulen sjølv om dei ikkje er laga spesielt til skulebruk (eller dekkjer vesentlege delar av måla og hovudmomenta), t.d. administrative dataprogram. Uavhengig av kva som skjer med framlegget vårt under merknad 2 ber vi difor om at ’og’ blir bytt ut med ’eller’.

Det er to hovudgrunnar til at vi ser desse endringane som viktige:
Lærebokdefinisjonen i lovframlegget er teken meir eller mindre ordrett frå dei føresegnene som i dag regulerer kva lærebøker som fell inn under godkjenningsordninga. Når godkjenningsordninga fell bort, er det ikkje lenger praktisk-administrative grunnar for at ein skal operera med ein så snever læremiddeldefinisjon som godkjenningsordninga kravde. Tvert om er det viktig kravet om læreboknormal speglar av den faktiske læremiddelsituasjonen i skuleverket, og at det blir signalisert gjennom lova at Stortinget set klåre krav til den språklege kvaliteten i alle typar læremiddel, ikkje berre lærebøkene.

Vi fryktar at ein snever læremiddeldefinisjon på sikt kan få ”smitteeffekt” til definisjonen av kva læremiddel som er omfatta av parallellutgåvekravet (sjå nedanfor, punkt 3.3)

Språklege parallellutgåver av læremiddel
3.1 Parallellutgåveordninga og administrativ programvare
I over tretti år har ei av dei mest sentrale sakene for Noregs Mållag vore å sikre at lærebøker og andre læremiddel skal kome til same tid og pris på bokmål og nynorsk. Då den nye opplæringslova vart vedteken i 1997, var Noregs Mållag særleg glad for at det ikkje lenger var tvil om at parallellitetskravet no skulle gjelde alle læremiddel, medrekna dei elektroniske, og at slike læremiddel skulle handsamast etter dei same reglane som tradisjonelle lærebøker. Noregs Mållag vil på nytt understreke kor viktig dette er, både fordi vi reknar med at multimediepakkar av læremiddel bli stadig vanlegare, og fordi lova skal omfatte læremiddel for elevar heilt ned til under seks år.

At elektroniske læremiddel vert viktigare og viktigare, vert understreka av at det no går føre seg forsøk med førsteopplæring i lesing og skriving på PC. Resultata er førebels svært positive, men dei vanlege skriveprogramma (Word o.l.) finst berre på bokmål, og i realiteten inneber det at nynorskelevane må lære bokmål før dei lærer nynorsk. Det er òg opna for bruk av PC til eksamen, og på same måten som for førsteopplæringa favoriserer dette elevar med bokmål som hovudmål.

Likevel er den viktigaste programtypen i undervisninga, administrativ programvare (vanlege kontorstøtteprogram), framleis unnateke parallellitetskravet i føresegnene til opplæringslova. KUF sa i rundskriv F-044-99, 25.6.99, at dette unntaket berre var mellombels og at ”Departementet arbeider med sikte på å endre forskrifta slik at elektroniske læremiddel skal omfattast av kravet om språkleg parallellutgåve. Dette skal mellom anna vurderast på grunnlag av rapporten frå ei arbeidsgruppe som vurderer forholdet mellom bruk av elektronisk programvare og nynorsk.”

Etter dette har lite skjedd. Dåverande utdanningsminister Jon Lilletun opplyste i spørjetimen 26.5.99 at den nemnde gruppa var sett ned, men det var ikkje rett, og eitt år etter er gruppa framleis ikkje oppnemnd sjølv om Noregs Mållag har teke opp saka fleire gonger.

Framlegg 3.1: Vi ber komiteen kome med følgjande merknad i innstillinga:
Komiteen meiner at spørsmålet om nynorskversjonar av administrativ programvare er ein avgjerande faktor i arbeidet for jamstelling mellom nynorsk og bokmål og ein føresetnad for at nynorsk- og bokmålselevar skal ha same vilkår i skulen. Komiteen ber difor departementet om å leggje fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheve det mellombels unntaket frå parallellutgåveregelen.

3.2 Undervisningstilfang som i dag fell utanfor parallellutgåvekravet
I føresegnene til opplæringslova, § 17-2 fyrste ledd, står det i dag:
”Kravet om språklege parallellutgåver gjeld alle læremiddel som elevane skal bruke regelmessig i opplæringa, så framt læremidla dekkjer vesentlege delar av dei generelle måla i læreplanen, eller vesentlege delar av måla, lærestoffet hovudmomenta eller hovudemna i eit fag etter læreplanen for eit visst klassetrinn eller kurs.”
Denne definisjonen er ikkje i samsvar med det synet Sivilombodsmannen gav uttrykk for i brevet sitt 12. mars 1998 etter å ha vurdert føresegnene til den gamle lova. Det følgjer av førearbeida at den gjeldande opplæringslova fører vidare tidlegare lov på dette punktet, og tolkinga til Sivilombodsmannen må difor leggjast til grunn også ved tolkinga av den nye lova. Det sentrale punktet til Sivilombodsmannen var at alt ”som er laga særskild for skulen, skal reknast som læremiddel etter lova utan omsyn til om bøkene skal brukast ofte eller sjeldan”, og at ein heller ikkje kan stilla som eit krav at læremidlet skal dekkje vesentlege delar av dei generelle måla i læreplanen.

Noregs Mållag har i det siste hatt ei sak oppe som illustrerer problemet: Posten har laga eit internettbasert undervisningsopplegg for 1.-10. klassesteg, og det er berre utvikla på bokmål. Posten meiner det fell utanfor parallellutgåvekravet, Noregs Mållag meiner det motsette, men slik føresegnene er tolka, ligg dette i ei gråsone. (At Posten samstundes bryt mållova, er ikkje relevant i denne samanhengen.) Dette gjeld òg mange andre undervisningsopplegg som blir laga av offentlege etatar, organisasjonar og bedrifter.

Framlegg 3.2: Vi oppmodar komiteen om å rydde tvilen av vegen med følgjande merknad:
Komiteen viser til brevet frå Sivilombodsmannen av 12. april 1998 og ber departementet slå fast i forskrifta at alt som er laga særskild til bruk i skulen, fell inn under definisjonen læremiddel og dermed kravet om parallellutgåve. I tillegg må det sikrast at materiell og andre hjelpemiddel som blir brukte reglemessig i skulen, må liggje føre på begge målformer for å kunne takast i bruk i undervisninga..

3.3 Parallellutgåveordninga – verknader av å avskaffa godkjenningsordninga
Godkjenningsordninga og parallellutgåveordninga er formelt to åtskilde saker, men grip tett inn i kvarandre, noko vi stadig blir minna på gjennom dei gjentekne feilaktige påstandane frå forlaga om at dei berre treng gje ut parallellutgåver av godkjenningspliktige lærebøker.

I lovframlegget er det særleg to punkt der avskaffinga av godkjenningsordninga kan føre til ei svekking av parallellutgåveordninga:
a.Definisjonen av kva læremiddel som skal fylgje læreboknormalen: Stoda i dag er at føresegnene inneheld to ulike læremiddeldefinisjonar, ein snever som gjeld kva lærebøker som er godkjenningspliktige, og ein vidare som gjeld kva læremiddel som skal koma i parallellutgåve. I lovframlegget blir den snevre definisjonen teken inn i sjølve lovteksten i punktet som seier at lærebøker skal fylgje læreboknormalen, medan den vidare definisjonen framleis blir ståande i føresegnene som regulerer parallellutgåveordninga. Vi fryktar at ein snever læremiddeldefinisjon i lovteksten på sikt kan bli brukt for å snevra inn definisjonen i føresegnene som regulerer parallellutgåveordninga. Soga om læremiddelsaka har synt at læremiddelbyråkratiet og forlaga har arbeidd for å avgrensa parallellutgåveretten medan det er Stortinget og dels den politiske leiinga i KUF som har arbeidd for å utvida henne, og vi ser det som svært viktig at Stortinget i denne saka markerer svært tydeleg kvar grensa går.

Framlegg: Endring av § 9-4, andre ledd, som i framlegg 2.

b.Bortfallet av kontrollinstans: Sjølv om skuleeigarane formelt har ansvaret for berre å bruka læremiddel som finst i parallellutgåver, har i røynda godkjenningsordninga fungert som ein viktig kontrollmekanisme for parallellutgåveordninga ved at ei lærebok ikkje har vore formelt godkjend før parallellutgåva òg er godkjend. Vi er redde for at avskaffinga av godkjenningsordninga vil føra til at forlaga vil nedprioritera arbeidet med å få nynorskutgåvene ferdige til skulestart med dei svært uheldige verknadene det får for nynorskelevane. Vi var i ein dialog med den førre politiske leiinga i KUF om korleis ein kan tenkja seg alternative sentrale tilsynsordningar, men registrerer at dette ikkje er kommentert i proposisjonen. Det er svært viktig at dette arbeidet blir ført vidare. Prinsipielt vil vi òg peike på det problemet at det ikkje finst eit tilsynsorgan for skuleverket slik det gjer for dei fleste andre offentlege område.

Framlegg 3.3: Vi ber komiteen kome med følgjande merknad:Komiteen ber departementet syte for at det blir etablert eit sentralt oversyn til hjelp for skulane, foreldra og elevane over kva læremiddel som finst og ikkje finst i parallellutgåve til ei kvar tid. Utan eit sentralt oversyn av denne typen vil det vera svært vanskeleg for skulane å halda seg oppdatert om kva læremiddel dei har høve til å bruke, kva læremiddel som ikkje er i samsvar med lova..

Konklusjon

Noregs Mållag ber komiteen om å rette opp lovframlegget på desse to punkta:
1.Det blir gjeninnført allmenn røysterett for alle som bur i skulekrinsen ved val av opplæringsmål i grunnskulen.

2.Definisjonen av læremiddel i § 9-4, andre ledd, blir endra slik at ein sikrar at alle læremiddel fylgjer læreboknormalen, og slik at ein førebyggjer ei framtidig svekking av parallellutgåveordninga.

Vi ber dessutan komiteen leggje føringar på praktiseringa av parallellutgåveordninga gjennom tre merknader i innstillinga:
3.1 Departementet blir bede om å leggje fram ein tidsplan for når vanlege administrative dataprogram skal vere tilgjengeleg i parallellutgåver.

3.2 Det blir streka under at reglane om unntak frå kravet om parallellutgåver i føresegnene til opplæringslova blir endra slik at alle læremiddel som er laga til bruk i skulen blir omfatta av kravet.

3.3 Det må etablerast ei enkel tilsynsordning til hjelp for skulane og elevane som viser kva læremiddel som finst og ikkje finst i parallellutgåve til ei kvar tid.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no