Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klar for Den Store Innflyttingsfesten

 (03.05.2000)

Dette har gått veldig fort, seier Ottar Grepstad, direktør for Aasen-tunet. Bygginga starta i mars i fjor. Det nye bygget er klar til innflytting, medan den store innflyttingsfesten vert torsdag 22. juni. Les meir om Aasen-tunet og Dei Nynorske Festspela her: <a href="http://www.aasentunet.no/">www.aasentunet.no</a>

Dei er i ferd med å skape nasjonal kulturhistorie i Ørsta. For det er ikkje kvar dag det vert opna nasjonale kultursenter og slett ikkje i Bygde-Noreg.
- Eg gleder meg veldig til at alt er klart, fortel Ottar Grepstad. Og han lovar at alle skal få seg ei kjekk helg i Ørsta under opninga av Aasen-tunet og ikkje minst under Dei Nynorske Festspela.
- Dei vil få ei god helg i Ørsta. Men folk må sove på førehand, for her vert det ikkje mykje tid til å sove under festspela, smiler Ottar Grepstad.

- Dette bygget er ein internasjonal sensasjon. Det er unikt, slår Ottar Grepstad fast. Han reknar med at det vil vere interesse i internasjonale arkitekturkrinsar for bygget, som er teikna av arkitekt Sverre Fehn. Det ferdige Aasen-tunet inneheld det store nybygget som er integrert i tunet der Ivar Aasen budde til han var 20 år. Tunet hyser elles eit stabbur frå Aasen sin barndom, gamlemuseet frå 1897, nymuseet frå 1946 og ei smie. Ute skal området opparbeidast med både amfi og kulturstigar.
- Dette vil vere ein vakker plass å vere, både sommar og vinter, seier Grepstad.

I løpet av våren har interessa for etablering av ei ny norsk teaterhøgskuleutdanning i Volda blitt ei aktuell politisk sak både for fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og for Høgskulen i Volda. I denne samanhengen vert Aasen-tunet trekt fram som eit viktig argument for å få ei ny teaterutdanning lagt til høgskulen.
- Vi skal vere eit opplevings- og dokumentasjonssenter, og arbeide for nynorsk skriftskultur. Slik sett vil det vere utenkjeleg å ikkje samarbeide med Høgskulen i Volda og Aasen-instituttet. Vi arbeider med å inngå samarbeidsavtale med desse to institusjonane som også vil omfatte eit vidare samarbeid innanfor teater, fortel Ottar Grepstad.
- Aasen-tunet vil vere eit opplagt pluss for alle som arbeider for å få lagt teaterutdanning til Volda, legg Grepstad til.

-Korleis kan målfolket få nytte av Aasen-tunet?
-Det enklaste er å vitje oss. Men for dei som ikkje kan det, vil vi vere tilgjengelege på internett. Her vil ein mellom anna finne grunnleggjande informasjon om nynorsk, seier Ottar Grepstad. Han påpeikar at dei heller vil avlaste og supplere arbeidet til Noregs Mållag framfor å konkurrere.
Akkurat no vert det arbeidd både med å fullføre bygget og få alt klart til den offisielle opninga av Aasen-tunet, i tillegg til Dei Nynorske Festspela som vert skipa til same helga.
-Dette skal bli ein kjekk plass for lokalfolk, i tillegg til at det skal vere eit nasjonalt senter, seier Grepstad. På spørsmål om kva som er den viktigaste målsetnaden for Aasen-tunet, er svaret klart.
-Eg håpar at vi kan gjere noko av det vi klarte i løpet av Ivar Aasen-året i 1996. Vi må kvitte oss med husmannsånda, altfor mange i målrørsla oppfører seg som ein minoritet. Aasen-tunet vil bidra til å gjere nynorskbrukarane stolte av språket sitt.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no