Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2000 til Guri Vesaas og Opera Software

 (28.04.2000)

I år gav Noregs Mållag Målprisen 2000 til to svært ulike prisvinnarar som har det sams at dei har gjort eit viktig og dagsaktuelt arbeid på felt som mållaget er oppteke av.

Guri Vesaas fekk tildelt Målprisen 2000 for arbeidet sitt for den nynorske barnelitteraturen.
Styret i Noregs Mållag har lagt vekt på at det i dag er ein hard kamp om barndommen – om ungane si tid og deira interesser, og om foreldra sine pengar. Heldigvis finst det ein språkleg, barnekulturell oase – og det er barnebokavdelinga i Det Norske Samlaget. Det arbeidet som blir gjort der, blir verdsett og respektert langt utover nynorskmiljøa.

- Barnelitteraturmiljø i og utanfor Noregs grenser veit kva redaktør Guri Vesaas har stått for gjennom fleire tiår; kvalitet, seriøsitet og engasjement – anten det handlar om kreative biletbøker, peikebøker for dei aller minste, fagbøker for dei kunnskapstørste eller lettlesne bøker, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Opera Software fekk tildelt Målprisen 2000 fordi dei har utvikla nynorsk programvare.
Om ikkje nynorsk blir eit fullverdig IT-språk i løpet av nokre år, vil språket vårt bli sett på sidelina i løpet av ein generasjon. Stoda er ikkje bra. Det skjermmiljøet som møter oss er på bokmål, dersom det ikkje er på engelsk, programvareprodusentane har ikkje vist interesse for nynorsk, og styresmaktene har vore trege å få på bana.

- På denne bakgrunnen er det ekstra gledeleg å sjå at det finst bedrifter som utviklar nynorske dataprogram. Ei av dei er Opera Software. At det skjer på kommersielle premissar gjer oss ikkje mindre glade – lite gler oss nynorskfolk meir enn å høyre at språket vårt løner seg, heiter det i grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag. Det er Jon S. von Tetzchner som mottek prisen på vegner av Opera Software.

Noregs Mållag deler ut Målprisen med ujamne mellomrom til personar som på ulike måtar har gjort ein stor innsats for nynorsken på felt som er særleg viktige for språket.


For meir informasjon: Kontakt Oddmund Hoel på tlf. 970 21 194


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no