Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siger på Notodden

 (14.04.2000)

Torsdag 13. april var det røysting om skulemålet ved to skular i Notodden. Ved Yli skule røysta 44 for bokmål og 41 for nynorsk. Ved Rygi skule fekk bokmål 53 røyster og nynorsk 84 røyster.
- Dette er ein stor siger for nynorske, seier Ellen Solberg Eliassen i Notodden og Heddal Mållag.
- Trass i mange år med bokmålspåverknad andsynes elevane og foreldra, valde eit fleirtal å tenkje på ungane sitt beste, seier Marit Bøe, mor til elevar ved Rygi skule.

Heilt sidan 1997 har skulane gjort det mogleg for foreldra å la ungane ha lærebøker på bokmål, trass i at elevane brukar nynorsk.
- Vi vonar at det skal vere råd å få ein slutt på denne praksisen at ungane les bokmål i alle skulebøkene - det fører til forvirring og frustrasjon for så vel elevar som lærarar, og det er nynorsken som får skulda, seier Bøe

Nytt liv i mållaget
- No skal vi styrkje mållaget, seier Eliassen. Utan det flotte arbeidet til foreldra i Notodden ville vi ha tapt båe røystingane, seier ho. Eg trur det vil bli eit godt og viktig tilskot til mållaget å få desse foreldra med oss, mellom anna for å få ein slutt på dette rotet med bokmålsbøker for nynorskelevar.

For meir informasjon: Ingar Arnøy, 22 47 71 10

<a href="http://www.varden.no/">www.varden.no</a>

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no