Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Byråkratisk sabotasje mot nynorskklassar

 (14.04.2000)

Oslo kommune vil ikkje gje elevlister til foreldre som ynskjer å skipe nynorskklasser.
– Byråkratisk sabotasje av verste sort, slår Oddmund Hoel fast, leiar i Noregs Mållag.

– Vi treng elevlistene for å få informert om nynorskklassane. Mange foreldre er ikkje klar over at nynorsk er eit alternativ før dei vert kontakta av andre foreldre, seier Gunelie Winum, mor til ein av 1. klassingane til hausten. Sidan 1993 har Oslo kommune skipa nynorskklassar på Sagene skole. Klassane har kome etter at foreldre har kryssa av for nynorsk. Deretter har foreldra bede om og fått lister over elevar som skal ta til på skulen og til slutt kontakta andre foreldra og informert dei om tiltaket. Men dette året hevdar kommunen at det ikkje er heimel for denne praksisen.

– Det er særs skuffande at skulebyråd Bård Folke Fredriksen ikkje har rydda opp for lenge sidan, slår Oddmund Hoel fast.
– Høgrebyrådet har tidlegare vore positivt til nynorskklassane. Dette er uverdig for ein by der politikarane elles brukar jubileumsåret til å tala om kor glade dei er i mangfaldet i byen, legg Hoel til.

Då den nye opplæringslova vart vedteken, vart forskriftene om språkdelingsklassar tekne ut. I 1977 vart ei tilsvarande sak lagt fram for sivilombodsmannen. Den gongen fekk foreldre medhald i at dei hadde rett på å få ut elevliste.
– Det er rett at opplæringslova ikkje har forskrifter som regulerer tilgjenge til elevlister, men lovteksten er den same i dag. Det vil seie at fråsegna frå sivilombodsmannen i 1977 er gjeldande, og at Oslo kommune lyt fylgje henne, slår Oddmund Hoel fast.

Han får medhald av eit knippe foreldre som ikkje vil godta avgjersla frå kommunen.
– Vi er avhengig av å få elevlister, seier Stine Nerbø.

– Denne saka er viktig for Noregs Mållag fordi vi veit at det er ei stor gruppe nynorskbrukarar som bur i hovudstaden. Det er viktig å nå desse med informasjon, slik at dei kan nytte sin demokratiske rett til å be om nynorsk for sine born, påpeikar Oddmund Hoel.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag. Telefon: 970 21 194
Inger Johansen, skulemålsskrivar BUL-Oslo, Telefon: 970 23 890

<a href="http://www.dagsavisen.no/innenriks/2000/04/471162.shtml">www.dagsavisen.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no