Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bunadsfolk, litteratar og politikarar

 (10.04.2000)

set kvarandre stemne i hovudstaden 28.-30. april.
Pressemelding 10. april.

Måltroll, teatertroll, lyrikklesande politikarar og prisvinnande forfattarar er mellom dei folk kan møte når Norsk Kulturhelg går av stabelen i Oslo siste helga i april. Dei fleste aktivitetane går føre seg på Det Norske Teatret, men det blir også smaksprøver frå Kaffistova, bunader, spel og dans i vårgatene.

Det er tredje gongen Norsk Kulturhelg vert arrangert, og programmet er sydd over same leisten som tidlegare år.

På Det Norske Teatret skal borna få sitt gjennom eventyr og Jungelbok, dei vaksne slepper inn på Kjartan Fløgstads teaterdebut Evig varer lengst, og kan utsetje seg for eit møte med Dostojevskij gjennom Nils slettas intense framføring av Kjellarmennesket.

Det Norske Samlaget har årsmøte i Oslo denne helga, og nyttar høvet til å dele ut sine årlege litterære prisar. Prisvinnarar og andre skriveføre kan ein mellom anna møte på litterær kafe laurdag ettermiddag. Brageprisvinnar Frode Grytten, Eva Jensen, Finn Øglænd, Einar Økland og Anne Karin Torheim kjem garantert.

ute i byen presenterer den nyoppussa Kaffistova menyen for det nye tusenåret i Spikersuppa. Dit kjem òg Eit bunadliv, ein bunadparade i regi av Noregs Ungdomslag, dansarar og spelemenn. Om kvelden trekkjer musikken innandørs og bandet Tolv Volt vert å høyre på Det Norske Teatret.

Sundagen er det råd å få med seg nynorsk høgmesse i Slottskapellet før ein kan vandre rundt i Oskar Braatens fotspor i dei gamle industrimiljøa på Sagene.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no