Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny redaktør i Norsk Tidend

 (03.04.2000)

Hege Lothe har overteke redaktørstolen i Norsk Tidend, medlemsbladet til Noregs Mållag. Måndag 3. april er første arbeidsdag.

Hege Lothe er 27 år, og kjem frå journaliststilling i Firda Tidend i heimbygda Gloppen. Ut over å ha redaktøransvar for Norsk Tidend vil ho få ansvar for oppdatering av heimesidene til mållaget, utarbeiding av meldingsbladet Nytt om nynorsk, i tillegg til ulike oppgåver knytta til internt og eksternt informasjonsarbeid.

I løpet av våren vil organisasjonen nytte høvet til å debattere og utarbeide ein ny informasjonsplan som skal femne om informasjonsstrategien til Noregs Mållag i åra framover. Hege Lothe vil som informasjonskonsulent vere med å lage denne planen, saman med tilittsvalde i organisasjonen. Denne planen skal leggjast fram for landsmøtet i Bergen til sommaren.

Den nye redaktøren og informasjonskonsulenten tek gjerne i mot innspel frå medlemar og andre. Send e-post eller ring til Skrivarstova.

E-post: <a href="mailto:norsk.tidend@nm.no">norsk.tidend@nm.no</a>
Telefon: 22 47 71 13.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no