Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Posten seier nei til Garborg-merke

 (24.03.2000)

Pressemelding 24. mars 2000.

I høve 150-årsjubileet for Arne Garborg sin fødsel, bad Noregs Mållag i 1997 Posten Noreg BA om å gje ut eit frimerke til minne om Arne Garborg i 2001.

I midten av mars 2000 fekk vi dette svaret:

"Forslag til nye frimerke 2001

Vi viser til vårt brev av 31.10.1997 og kan opplyse at forslag om utgjeving av nye frimerke i samband med Arne Garborg sitt 150-årsjubileum i 2001 har vore handsama i programutvalet for nye frimerke.

Programutvalet fant ikkje å kunne tilrå ei frimerkeutgjeving som nevnt, innanfor den ramen av særfrimerke som skal utgis i år 2001. Posten Norge BA har slutta seg til Programutvalets tilråding. Det vil derfor ikkje bli utgjeve nye frimerke i ovannevnde anledning.

Med venleg helsing
Posten Norge"

- Noregs Mållag er skuffa over at Posten ikkje kan heidre ein av dei store nasjonsbyggjarane på frimerke, seier dagleg leiar Grete Riise i ein kommentar. - Vi ventar spent på å sjå kven Posten tykkjer er meir verdig ein slik heider enn Arne Garborg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no