Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vil ha Windows og Linux på nynorsk

 (08.03.2000)

- Det er på høg tid at nynorskbrukarar òg møter sitt eige språk på dataskjermen, seier leiar Oddmund Løkensgard Hoel i Noregs Mållag. Han ber Microsoft gje ut dei siste versjonane av Windows og Office-programma på nynorsk. Mållaget ber òg regjeringa intensivera arbeidet for nynorsk på IT-feltet og vurdera Linux som løysing for å skaffa nynorskprogram. Målrørsla sette denne veka i gang ”Aksjon nynorsk data 2000”.

Noregs Mållag har teke kontakt med Microsoft Norge for å drøfta kva som skal til for at det blir utvikla nynorskversjonar av dei viktigaste programma, som Windows og Office-pakka.


Stor marknad

Mållaget meiner databransjen undervurderer nynorskmarknaden.
- Over ein halv million nordmenn skriv nynorsk dagleg og ville heller hatt dataprogram på nynorsk enn bokmål dersom dei hadde hatt eit val. Det finst ei rad bedrifter og organisasjonar som brukar nynorsk, og heile 117 kommunar, fire fylkeskommunar og ein fjerdedel av skulekrinsane i landet har valt nynorsk som fyrstespråk. I tillegg er heile statsapparatet med sine 170 000 tilsette tospråkleg, og alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet underviser i nynorsk som hovudmål eller sidemål. Berre dei nynorske kommunane og fylkeskommunane åleine stod for ei samla omsetjing på 22,5 milliardar kroner i 1995, seier Hoel.

Han trur programvareindustrien gjer lurt i å ta signala frå nynorsk-Noreg på alvor.

- IT-bransjen vil i åra framover møta eit langt sterkare press for å utvikla nynorskprogram. Vi ser på fleire felt at databrukarane har vorte vaksne og ikkje finn seg ikkje i kva som helst lenger, og språk er ikkje noko unntak. ”Aksjon nynorsk data 2000” som nynorskorganisasjonane no har gått saman om, er berre byrjinga. Dei programvareleverandørane som er fyrst ute på nynorsk, vil tena mykje på det, seier Hoel, som dreg fram Opera Software som eit lysande døme på eit firma som har vore framsynt gjennom å levera nettlesaren Opera både i nynorsk- og bokmålsversjon.


Linux positivt for nynorsken

Mållaget ser positivt på at arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy i førre veke sa at regjeringa vurderer å ta i bruk Linux i statsforvaltninga.

- Dette er svært interessant med tanke på å gje nynorskbrukarane program på deira eige språk. Vi har alt døme på at program med open kjeldekode, som nettlesaren Mozilla, har kome på nynorsk. Her vil styresmaktene kunna ha langt meir styring med dei språkpolitiske sidene enn når ein må stø seg til tunge kommersielle aktørar. Dersom det blir utvikla gode Linux-program på nynorsk, må dei andre koma etter dersom dei skal hevda seg på den norske marknaden, trur Hoel.


Regjeringa må på banen

Styresmaktene er prinsipielt på line med Noregs Mållag i desse spørsmåla.

- Vi er godt nøgde med at Stortinget og regjeringa har slege fast at prinsippa om jamstelling mellom bokmål og nynorsk òg skal gjelda på IT-området, og at dette skal få følgjer for innkjøpspolitikken. Men vi tykkjer det går for sakte. Utdanningsminister Jon Lilletun la i januar fram ein ny fireårs IKT-plan for norsk utdanning utan at den språklege jamstellinga var nemnt med eit ord, og regjeringa har framleis ikkje knytt språkpolitiske vilkår til statlege innkjøp. No må det handlast raskt – informasjonsteknologien er i ei rivande utvikling, seier Hoel, som likevel er optimist. Han er overtydd om at dei som skal levera programvare til statsforvaltninga om nokre år må vera i stand til å levera både bokmåls- og nynorskversjonar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no